NRK Meny
Normal

Tilliten til politiet kraftig svekka

Tilliten til politiet er kraftig svekka etter Fritz Moen saka og dødsfallet til Eugene Obiora.

Eugene Ejike Obiora
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Hvordan har Fritz Moen- og Eugene Obiora-sakene påvirket din tillit til politiet?

Alle

Sør-Trøndelag

Kvinner

Menn

Styrket tillit

1,7

0

0,3

3,1

Svekket tillit

26,1

44,7

27,6

24,6

Den samme

72,2

55,3

72,0

72,4

Har du tillit til politiet?


Kvar fjerde nordmann har fått dårlegare tillit til politiet og verst er det i Midt-Noreg der 31 prosent svarar at dei har mindre tillit til politiet no, enn tidlegare.

Det viser ei fersk meiningsmåling Sentio har gjort på oppdrag for NRK Trøndelag. 1 000 personar over heile landet er spurt om tilliten deira er styrka, svekka eller den same etter frikjenninga av Fritz Moen og etter at Riksadvokaten gav ordre om ny etterforsking i Obiorasaka.

- Det er ikkje rart tilliten er svekka, eg får jo mine tankar om dette, seier ein tilfeldig trønder vi spør på gata.

Annankvar trønder

Undersøkinga viser at kvar fjerde nordmann har fått mindre tillit til politiet, mens i Midt-Noreg svarar 1 av 3 at tilliten er svekka.

Verst er det i Sør-Trøndelag der nær annankvar person svarar at tilliten deira er blitt svekka etter politiets handtering av Fritz Moensaka og Obiorasaka.

- Når det skjer mange negative ting samstundes, så vil nok tilliten bli svekka. Eg er truleg den einaste reine forsvarsadvokaten i Noreg, og eg syns generelt at politiet gjer ein god jobb, også i Trondheim, sier forsvarsadvokat Christian Wiig til NRK Trøndelag.

Politiet må ta ansvar

Venil Katharina Thiis

Venil Katharina Thiis

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Men ikkje alle er samde med Christian Wiig. Venil Katarina Thiis er også forsvarsadvokat. Ho meiner politimeisteren må ta ansvar.

- Eg er på ingen måte nøgd med den måten han har handtert denne saka på. Han har ikkje gått inn og gjort det ein politimeister bør gjere i ein slik situasjon, nemleg å konfrontere dei som har vore med på dette, rydde opp og gjere det klart at dette er fullstendig uakseptabel oppførsel av tenestemennene, seier Thiis. 

Ho legg til at politimeisteren burde gitt tenestemennene, som var involvert i Obiorasaka, andre arbeidsoppgåver der dei ikkje var ute blant publikum.

Ikkje overraska

Politimeister i Sør-Trøndelag Per M. Marum er ikkje overraska over resultatet på undersøkinga.

- Det er ikkje overraskande at desse to alvorlege sakene fører til svekka tillit hos politiet. Det er veldig viktig at vi tek dette til etterretning og gjer noko med det, seier Marum til NRK Trøndelag.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
Fra 1. januar får du nyheter klokka 18:55, 20:55 og 22:55.
Terje Våg fra Snåsa. En av fem finalister til Årets Ildsjel.