Av:
Kristin Agerlie
To personbilar kolliderte rett før klokka 0700 torsdag morgon. Ulykka skjedde på E6 ved Gildheim i Trondheim og den eine bilen hamna på taket.
- Ein person er sendt til sjukehus med nakkesmerter, seier operasjonsleiar ved Sør-Trøndelag politidistrikt Morten Stene.
Det er køar på ulykkesstaden og arbeidet med å rydde vegen er i full gang.