Hopp til innhold

Navarsete i ny bok: Skuffa over at ingen tok kontakt etter sexmelding

Liv Signe Navarsete seier at ho ville ha lagt saka bak seg viss berre ein av deltakarane på hytteturen hadde sagt unnskyld for meldinga.

Liv Signe Navarsete

SNAKKAR UT: Liv Signe Navarsete meiner partiet hennar ikkje tok saka på alvor etter at ho fekk ei grov melding frå kollegaer i partiet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I biografien om Liv Signe Navarsete som blir lansert fredag er ho tydeleg på at meldinga, som skapte stor mediemerksemd, har prega ho i ettertid.

Ho kjende på at ho ikkje vart teken på alvor av partiet. Ho fekk heller aldri noka unnskyldning frå dei ti som hadde vore på hyttetur i Åre der meldinga blei sendt frå.

«Hadde nokon ringt meg då og orsaka, berre éin einaste, så skulle eg ha lagt det bak meg. Men ingen tok kontakt. Ikkje éin einaste», står det i boka.

Ikkje truverdig

Den grove meldinga blei sendt frå Facebook-profilen til statssekretær i Senterpartiet, Morten Søberg. Navarsete har sjølv sagt at det ikkje var han åleine som sende meldinga. Søberg og ni andre menn – fleire med sentrale verv i Senterpartiet – var på ei hytte i Åre då meldinga blei sendt.

Med på hytteturen var mellom anna noverande utdanningsminister Ola Borten Moe, forsvarsminister Bjørn Arild Gram og tidlegare ordførar i Stjørdal Ivar Vigdenes.

Livs Gine Nvarsete

Det er kulturredaktør i Bergens Tidende, Jens Kihl, som har skrive biografien om Navarsete med tittelen Eg veit kva eg snakkar om.

Foto: Det Norske Samlaget

«Dei orsakar veldig at meldinga er sendt, men dei veit ikkje kven som har gjort det. Det kjennest som det har vore ein dialog der, ettersom alle ordlegg seg så likt. Det lyder rett og slett ikkje truverdig», heiter det i boka.

Meldinga enda også med at Navarsete vart sjukmeld i 14 dagar.

Ola Borten Moe har fått fleire høve til å svare på det som kjem fram i boka, men har ikkje svart NRK. Forsvarsminister Bjørn Arild Gram svarer kort at han ikkje ønskjer å kommentere noko av det som står. Det vil heller ikkje Ivar Vigdenes.

Moe

I boka hevdar Liv Signe Navarsete at Ola Borten Moe braut ein munnleg avtale han inngjekk med henne for å bli statsråd.

Foto: Torstein Bøe / Torstein Bøe

Fekk traumediagnose

I boka står det at Liv Signe Navarsete fekk diagnosen posttraumatisk stressliding.

Diagnosen fekk ho etter ein tøff periode frå 2012 til 2014. På eit seminar i 2012 vart ho mellom anna skulda for å ha skjelt ut Sandra Borch, som då var leiar i Senterungdommen.

Årsaka var at Borch same dag hadde skrive ein artikkel der ho gav uttrykk for at nestleiar Ola Borten Moe ville vere ein bra kandidat til å ta over leiarvervet etter Navarsete. Dette skapte konflikt i partiet.

«Det var tungt å konsentrere seg. Det sat noko i kroppen eg ikkje følte eg var kvitt», seier den tidlegare Senterparti-leiaren i boka.

I boka kjem det også fram at det framleis er ei mental og fysisk påkjenning for Navarsete å snakke om desse hendingane.

Hevdar Borten Moe braut avtale

Ola Borten Moe får hard kritikk fleire stader i boka. Navarsete hevdar mellom anna at han braut ein munnleg avtale han inngjekk med ho for å bli statsråd.

Dette var under Stoltenberg-regjeringa i 2011.

Navarsete skriv at ho i utgangspunktet var negativ til å ta han med i regjeringa. Det var stor avstand mellom dei politisk og Navarsete skriv at Borten Moe ikkje var særleg opptatt av distriktspolitikk, noko som låg hennar hjarte nær.

Men mange var begeistra for Borten Moe og meinte at han representerte viktige delar av partiet. Ho tok han derfor inn til samtale på kontoret der dei diskuterte lojalitet til partiet og regjeringsprosjektet.

Liv Signe Navarsete og Ola Borten Moe

Liv Signe Navarsete og Ola Borten Moe har hatt mange diskusjonar, her frå 2012 då Navarsete var leiar og Borten Moe nestleiar.

Foto: Erlend Aas / NTB scanpix

«Utagerande festing»

Navarsete tok også opp festkulturen ho meiner Borten Moe stod for. Spesielt viss han var saman med politisk rådgivar Ivar Vigdenes. Ho kravde derfor at Vigdenes måtte slutte som rådgivar.

«Bakgrunnen for dette var klager eg hadde motteke, som handla om lite respekt for at ein representerte storting og departement, og om utagerande festing. Eg hadde vore såpass mykje med dei at eg hadde sett korleis dei gira kvarandre opp. Når du sit i eit departement, og særleg i eit så viktig som Olje- og energidepartementet, må det vere seriøsitet i det du held på med», står det i boka.

Ifølgje Navarsete godtok Borten Moe dette og vart ny olje- og energiminister i mars 2011. Men Vigdenes drog ikkje heim til Stjørdal. Avtalen dei gjorde var berre munnleg. Ho seier ho stolte på at eit ord var eit ord, men at Borten Moe ikkje heldt dette løftet.

NRK har gitt både Ola Borten Moe og Ivar Vigdenes høve til å kommentere det som kjem fram om festkultur i boka. Medan Borten Moe ikkje har svart, vil ikkje Ivar Vigdenes kommentere noko av det.

– I grunn og botn politisk avstand

Naversete seier i Dagsnytt 18 at ho ikkje kan hugse akkurat når ho snakka med Borten Moe sist, men at ho nesten ikkje har snakka med folk på Stortinget etter ho sjølv gjekk av. Ho understrekar at dei to kan snakke saman.

– Ola og eg kan snakke saman. Eg vil nytte høvet til å seie at den motsetninga som vart bygd opp og gjort til personkonflikt var i grunn og botn politisk avstand.

– Det var nokre område der vi var skikkelege usamd og eg legg ikkje skjul at eg har stått og står på den raudgrøne venstresida, viss vi skal seie noko venstre og høgre. Medan Ola då har ein litt anna tilnærming til del område. Men vi var også samde i, eg vil seie i 90 prosent kanskje, av programmet. Vi jobba saman for det. Så vi må ikkje gjere dette heilt svart-kvit.

Skuffa over ikkje å bli statsråd

I boka kjem det også fram at Navarsete vart skuffa over å ikkje bli statsråd i Støre-regjeringa. Ho meiner ho var kvalifisert og hadde jobba Senterpartiet opp som eit forsvarsparti med stor tillit. Men her ville partileiar Trygve Slagsvold Vedum sleppe yngre krefter til, ifølgje Navarsete.

Det er kulturredaktør i Bergens Tidende, Jens Kihl, som har skrive biografien om Navarsete.

Navarsete jobbar i dag som statsforvaltar i Vestland.