Straumprisen fell gjennomsnittleg med nær 18 prosent dei første to vekene i februar, skriv Dagbladet.
Mandag var gjennomsnittsprisen blant leverandørane på 84,50 øre for ein kilowattime ved eit normalforbruk på 20.000 kilowattimar årleg. Tilsvarande gjennomsnittspris som gjeld frå 17. februar er 69,50 øre. Det tilsvarer ein nedgang på nær 18 prosent.
TEV dyrast
Trondheim Energiverk har den dyraste straumen på 95,80 øre per kilowattime. Det er likevel 19,4 prosent billigare enn ved forrige botnnotering, i følgje Dagbladet.
Trondheim Energiverk har varsla at dei set ned prisen til 69 øre per kilowattime, men det skjer først om tre veker.
Modalen kraftlag har den billigaste straumen med berre 27,12 øre per kilowattime, viser ein oversikt frå Konkurransetilsynet. Tindra Direkte er den blligaste straumleverandøren som leverer straum på landsbasis. Kundar i dette selskapet vil i veke åtte betale 67,15 øre per kilowattime.