Hopp til innhold

Vil ta vare på dei eldre

Terje Wold, Pensjonistpartiets førstekandidat i Sør-Trøndelag, vil slå eit slag for dei eldre og svake.

Terje Wold
Foto: Pensjonistpartiet

Terje Wold var tidlegare Arbeiderpartipolitikar, men har no gått over til Pensjonistpartiet.

Helse, velferd og omsorg var viktig då valet fall på Pensjonistpartiet.

– Mi viktigaste sak dei neste fire åra er å ta vare på dei eldre og svake, seier Terje Wold.

Nei til rovdyr og bompengar

Pensjonistpartiet og Terje Wold er imot at vegutbygginga i Trøndelag skal finansierast med bompengar. Han jobbar også for færrre rovdyr.

– Mindre rovdyr og meir kontroll er viktig for oss, seier Wold.

Kva meiner du om å slå saman kommunar i Trøndelag?

– Eg meiner mindre kommunar bør slås saman.

Vurderer frå sak til sak

Viss Pensjonistpartiet skulle få nokon inn på Stortinget vil dei velje samarbeidspartnarar som står dei nær i handlingsprogrammet.

– Kven vi vil samarbeide med på Stortinget vil variere frå sak til sak, seier Terje Wold.

Kva parti vil du samarbeide minst med?

– Dei som ikkje støttar Pensjonistpartiet sitt handlingsprogram.

Send epost til Terje Wold