Hopp til innhold

Tenner lys for Oda

Etter det tragiske drapet i Skaun opnar sokneprestane døra til Børsa kirka i kveld.

Børsa kirke

Det blir minnestund her i Børsa kirke mellom klokka 1800 og 1900 i kveld.

Foto: Anne-Liss Bortne

– Det blir ei samling der vi tenner lys, syng og snakkar saman, seier sokneprest i Børsa og Skaun, Stein Ellinggard, til NRK Trøndelag.

I går vakna innbyggarane i Skaun til den tragiske beskjeden om at ein av deira ungdommar, ei femten år gamal jente var drepen av ein 18-åring sambygding.

Politiet ber om fire vekers varetektsfengsling av 18-åringen som er sikta for drapet i Skaun.

– To av vekene bør sikta vere isolert av omsyn til faren for at bevis kan gå tapt, seier politiadvokat ved Sør-Trøndelag politidistrikt, Helene Harsvik til NRK Trøndelag.

Sorg og sjokk

Etter ei slik hending er det stor trong for ei minnestund, meiner soknepresten.

– Akkurat no treng bygda vår verkeleg å kome saman. Eg kjenner at vi treng å møtast for å få uttrykke dei kjenslene og tankane vi sit med etter denne tragiske hendinga, seier Ellinggard.

Familien til den drepte 15-åringen budde i same nabolag som familien til gjerningsmannen.

Soknepresten reknar med at det vil bli både tårer, redsel og fortviling på minnestunda.

– Det er mange som er i sjokk over at ei så lita bygd opplever noko så tragisk med to av våre ungdommar involvert, seier Ellinggard.

Minnestund på skulen

I føremiddag var det også ei minnestund ved Skaun ungdomsskole. Den drepte jenta, Oda Moe var elev i tiandeklasse ved skulen.

– Skulen har gjort det meste av førebuingane. Min jobb er å finne ord på det som er vanskeleg. Det er rett og sant å snakke om det som er meiningslaust i ei slik stund, sa Ellinggard i føremiddag.

I går blei ungdomsklubben halden open utover kvelden for at ungdommane skulle få møtast i sorgen.