Hopp til innhold

Tener feitt på transportstreiken

Transportørar som ikkje er i streik, tener gode pengar på transportstreiken.

Daglig leder Kjell Vikan ved Knuts transport

Knuts transport har gode dagar under transportstreiken.

Foto: Knut Reitan / NRK

Oppdrag etter oppdrag ruller inn til dei tilsette ved Knuts transport i Steinkjer.
Bestillingslistene er fulle, bilane er fulle og telefonan kimer i eitt sett.

– Vi merker at det har blitt mange fleire varer å køyre for oss no enn det har vore tidlegare, seier Kjell Vikan, dagleg leiar i Knuts transport, til NRK.no.

Firmaet hans køyrer i hovudsak varer mellom Steinkjer og Levanger.

Lang streik

1 800 transportarbeidarar har streika i snart tre veker, og det gjer at det blir meir jobb på dei som ikkje er i streik.

– Vi har opplevd ein auke og køyrer no ut minst ein tredel meir enn vi vanlegvis gjer, seier Vikan.

(Artikkelen held fram under bildet)

Transportarbeiderene har streikemøte i Trondheim

Transportarbeidarene var samla til møte i Trondheim onsdag.

Foto: Rune Kjær Valberg / NRK

Samla i Trondheim

Onsdag samla dei streikande transportarbeidarane seg i Trondheim.

Streikeviljen er framleis på topp og sjølv trur dei streiken vil vare lenge endå. Det at andre transportørar gjer jobben dei skulle gjort, syns dei faktisk er grei.

– Det er viktig for oss å treffe dei arbeidsgivarane mest muleg økonomisk og tredjeparten minst muleg. Det betyr at ein god del varer går i andre system så lenge streiken varer, seier Lars Johnsen, nestleiar i Norsk transportarbeiderforening.

Usynleg streik

Dette har på ein måte blitt streiken ingen merker noko særleg til og konsekvensane har latt vente på seg. Butikkane får varene sine fordi butikkleiarane står fritt til å kontakte transportfirma som ikkje er i streik.

Fleire NRK Trøndelag kontakta på gata seier dei ikkje har lagt merke til at transportarbeidarane er i streik.

Ved Knuts transport må dei snart tilsette både ekstra telefonvakt og fleire sjåførar om dette held fram.

– Der fekk vi eit nytt oppdrag, avsluttar Kjell Vikan i Knuts transport.