Hopp til innhold

Namnet vart Kimen kulturhus

Etter eit intenst ordskifte, både mellom innbyggarar og politikarar, på sosiale medier og i kommunestyresalen, har Stjørdal kommune no bestemt seg for kva det nye kulturhuset skal heite.

Stjørdal kulturhus

Kulturhuset i Stjørdal skal no huset heite 'Kimen kulturhus'.

Foto: Erling Skjervold, Skanska

I kommunestyremøtet torsdag kveld brukte politikarane over tre kvarter på saka.

Namnet vart «Kimen kulturhus».

Da namnekomiteen kom med dette forslaget for ei tid sidan, reagerte mange stjørdalingar med å melde seg inn i facebookgruppa «Vi som vil ha navneendring».

Nokre meinte at ordet kimen ville bli for vanskeleg å uttale for ungdom, andre meinte det var ein merkeleg og fjern symbolikk.

Fire framlegg

Ivar Vigdenes

Ordførar Ivar Vigdenes fekk mange framlegg å halde styr på under røystinga.

Foto: Martin Hammervik / NRK

I ordskiftet før røystinga i kommunestyremøtet var det fleire som tok til orde for at stadnamnet Stjørdal burde vere med i kulturhusnamnet.

Inger Anne Wahl (Ap), som sat i namnekomiteen, meinte at ordet kimen viser til vekst, utvikling og moglegheit. Komiteen hadde tidlegare foreslått at huset skulle heite Kimen kultursenter, men Wahl kom med eit nytt framlegg; Kimen kulturhus.

Ordførar Ivar Vigdenes (Sp) innrømte at han hadde gått frå å meine at namnevalget var uviktig til at det er veldig viktig.

– Det er viktig å ha eit eigennamn som kan vekse, sa Vigdenes og drog parallellar til dei gamle forsamlingshusa som fekk saganamn som Trudvang og Ljosheim.

Joar Håve frå Ap var usikker på kva han ville gå for, men trudde ikkje at omverda ville reagere om kulturhuset vart kalt Stjørdal kulturhus, som var framlegget kommunestyret fekk oversendt frå formannskapet.

To andre framlegg kom òg på bordet: Kimen kulturhus Stjørdal og Kimen Stjørdal kulturhus.

Så jamnt som det kan bli

Etter at alle som ville på talestolen, hadde fått sagt si meining, vart det prøverøysting – og så ti minutt pause med gruppemøte slik at alle kunne få områ seg.

Så vart det endeleg røysting om kva det regionale kultursenteret i Stjørdal skal heite.

Dei to forslaga som inneheldt både Kimen og Stjørdal, fall først, og så vart det ein real tellethriller.

Kommunestyret brast ut i latter da det viste seg at resultatet av røystinga var så jamnt som det kan bli.

20 stemte for Stjørdal kulturhus, 21 stemte for Kimen kulturhus.