Hopp til innhold

Ringde seg inn frå tomt kontor: Fekk låne bjølla frå Oslo Børs

Milliardar har tatt Kahoot-quiz. I dag vart gründerbedrifta frå NTNU i Trondheim notert på Oslo Børs.

Kahoot-sjef Eilert Hanoa ringer seg sjølv inn på Oslo børs.

RINGT INN: Kahoot-sjef Eilert Hanoa ringde i dag selskapet inn på Oslo Børs.

Foto: Kahoot

I dag vart programvarebedrifta Kahoot, som står bak den velkjente quizmotoren med same namn notert på Oslo Børs si hovudliste.

Tradisjonen tru skulle det eigentleg vere bjølleseremoni i børsbygningen. Men grunna smittesituasjonen i hovudstaden måtte Kahoot-sjef Eilert Hanoa finne ei anna løysning. Så han spurte Oslo Børs om han kunne låne bjølla deira. Det fekk han.

– Det var sjølvsagt litt synd at vi ikkje fekk ringt oss inn i den ærverdige børsbygningen, men alt i alt er vi veldig fornøgd med dagen, seier Hanoa.

Då børsen stengde i dag var Kahoot-aksjen gått opp 5,86 prosent.

Eilert Hanoa ringer inn noteringen av Kahoot på Oslo børs.

DIGITAL SEREMONI: På grunn av koronasituasjonen i Oslo vart det bjølleseremoni over videomøte for dei tilsette i Kahoot i dag. FOTO: KAHOOT

Verdsett til 50 milliardar: Gjekk med underskot i fjor

Kahoot tok sine første steg på NTNU tidleg på 2000-talet. Selskapet er i dag rekna som ein av universitetet sine største internasjonale teknologisuksessar. I fjor hadde Kahoot 24 millionar aktive brukarar. 250 millionar Kahoot-quizar vart spelt.

Kahoot er mest kjent som eit quizbasert læringsverktøy på nett, der ein kan lage eigne quizar eller delta i quizar som er laga frå før.

I 2014 vart Kahoot-sjef Hanoa den første eksterne personen som kjøpte aksjar i selskapet.

– Det vi har klart å få til, med over 5 milliardar deltakarar sidan start, er heilt utruleg for eit trass alt lite selskap som kom ut av NTNU og eit sterkt gründer-team her i Noreg, seier han i dag.

Kahoot har ein marknadsverdi på rundt 50 milliardar kroner. Men gjekk ifølgje Dagens Næringsliv med eit underskot før skatt på 295 millionar kroner i fjor.

Opnar for meir pengar til å lage læringsspel

Kahoot-sjef Eilert Hanoa fortel at den viktigaste konsekvensen av dagens notering, er at dei no kan få fleire aksjonærar og bli synlegare internasjonalt.

– Og tiltrekke oss meir kapital og gjennom det byggje enda fleire tenester, seier Hanoa.

Før dagens notering på Oslo Børs har det vore mogleg å handle aksjar i Kahoot gjennom Euronext Growth, tidlegare kjent som Merkur market.

Det er ein handelsplass som er sat opp av Oslo Børs, men som har langt enklare og mindre omfattande krav for å bli notert enn krava Kahoot no innfrir.

Sidan selskapet vart lista der i 2019 har dei blitt det største dataprogram-selskapet på Oslo Børs, fortalde Børsdirektør Øivind Amundsen under dagens bjølleseremoni.

9ctCqCPnPZo

QUIZ-MASTER: Eilert Hanoa er sjef i Kahoot, som er mest kjent for det digitale quiz-spelet sitt.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Trur ikkje Euronext blir svekkja av Kahoot-exit

I fjor strøymde norske småspararar til «minibørsen», som då heitte Merkur Market. No mistar Euronext Growth eit av sine mest verdifulle selskap.

Eilert Hanoa trur børsen framleis vil ha ein svært viktig funksjon, som ein startstad for mindre og mellomstore selskap på jakt etter investorar.

– Euronext Growth er absolutt ikkje avhengig av Kahoot, sjølv om vi skapte ekstra merksemd rundt denne marknadsplassen. Det er ei rekkje nye selskap som har tatt over den stafettpinnen, seier Hanoa.