NRK Meny
Normal

Teknisk svikt førte til lang togferd til Oslo

Eit regiontog frå Trondheim kl. 13.20 i dag er kraftig forseinka på grunn av tekniske problem. No er det kopla saman med neste tog sørover - og får drahjelp til Oslo.

Regiontog Trondheim-Oslo på Dombås

Regiontoga frå Trondheim kl. 13.20 og kl 15.30 vart kopla saman her på Dombås i 18.30-tida, etter at det første toget fekk store tekniske problem.

Foto: Ola Eian

Det var mellom Berkåk og Oppdal at toget stansa og ikkje kom lenger. Klokka var då ca. 14.45 og toget vart ståande i ein og ein halv time mellom dei to stasjonane.

– Det var tydelegvis problem med straumen, fortel Ola Eian, som er passasjer med toget sørover.

– Etter rundt ti minutts tid forsvant i alle fall lyset og deretter også oppvarminga, fortel Eian. som likevel seier at passasjerane ikkje lei noko naud, så vidt han oppfatta, bortsett kanskje frå toalett som var avhengig av straum.

Tilbod om ullteppe

– Og vi fekk tilbod om ullteppe og dessutan var det jo fin snøkledd skog utanfor, med flott solnedgang, seier Eian.

Ola Eian på toget

Ola Eian fekk lang togtur til Oslo etter halvannan time stopp mellom Berkåk og Oppdal. - Men det var vakker snøkledd skog og fin solnedgang, seier Eian.

Foto: Privat

Toget kunne etter den lange stoppen køyre vidare av eiga maskin.

– Toget var då 100 minutt forseinka, og årsaka var teknisk svikt, opplyser pressevakt Gina Scholtz i NSB.

Samankopling av to tog

- Sjølv om toget kunne køyre av eiga hjelp, vart det bestemt at toget skulle kople seg saman på Dombås med neste tog til Oslo, toget som gjekk frå Trondheim kl. 15.30, dette i tilfelle feilen skulle dukke opp igjen, seier Scholtz.

Samankoplinga skjedde i 18.30-tida.

Det første toget skulle etter ruta vere i Oslo kl. 20.05, det andre kl. 22.05.

- Med samankoplinga må vi no nok rekne med at også det siste toget desverre blir ein del forseinka, opplyser pressevakt Gina Scholtz i NSB.

Og no klokka 21 opplyser pressevakta at toget er venta å vere 30 minutt forseinka framme i Oslo. Det vil då seie ca. 2,5 timar forseinka for dei som var med i det første toget.