Teieplikt rundt forhandlingane i Fosen-konflikten
– Vi har inngått ein avtale med teieplikt, så eg kan ikkje kommentere noko om saka.
Det seier riksmeklar Mats Wilhelm Ruland til NRK på spørsmål om status i forhandlingane mellom reindriftssamane på Fosen og vindkraftkonsesjonærane.
Det har no gått over 600 dagar sidan Høgsterett fastslo at vindkraftanlegga på Fosen i Trøndelag er i strid med urfolksrettane.
På laurdag samla folk seg til demonstrasjon framfor Stortinget og dei varslar nye Fosen-aksjonar om 100 dagar.