Hopp til innhold

Spel blir sjølvstende-teater på Leka

Øykommunen Leka bles liv i historia og teateret på øya, og tek gudshuset i bruk i kampen mot at kommunen skal leggast ned. Dei håpar dette kan bidra til å redde kommunen frå lagnaden det er å miste det lokale sjølvstyret.

Leka

Sagaøya Leka tek i bruk kulturen og historia for å berge det lokale sjølstyret frå fall.

Foto: TRAIQ ALISUBH / NRK LUFTFOTO

Kvelden før 1. mai er det kyrkjeframføring av musikkversjonen av viking-spelet Herlaugsspelet i Leka kyrkje.

Og 1. mai er det storsamling mot kommunereforma for alle lekværingar og bindalingar i Bindal.

Det spesielle er at dei høyrer til kvart sitt fylke óg, og at det må til ei endring av fylkesgrensa mellom Trøndelag og Nordland, om planane om å putte dei to småkommunane inn i Vikna/Nærøy skal gå gjennom.

Folket seier nei.

Til Bindal 1. mai kjem Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum for å halde 1. maitalen. Kva den handlar om veit Per Helge Johansen, ordførar på Leka. For no er Leka og Bindal fyrtårna i kampen mot kommunereforma.

Samling om historia i kyrkja

Herlaugsspel i Leka kyrkje

Kong Herlaug talar til folket, i våre dagar i kyrkja på Leka.

Foto: privat

Kvelden før 1. mai er det samling i kyrkja på Leka, av både lekværingar og bindalingar. Der framfører dei ein førebels musikkversjon av teaterstykket som skal reise kampen mot avviklinga av det lokale sjølvstyret for fullt til sommaren.

Enda dei er ikkje så mange i talet i dag, berre nokre få hundre, så har Leka ei historie full av strid og motstand – lekværingane har gjennom historia vist ein særeigen viljestyrke til å stå imot.

Nekta å bli underlagt sentralmakta

Ein gong i tida vil historia ha det til, let ein lokal høvding seg begrave levande på denne øya, i protest mot at Harald Hårfagre kom og underla seg småkongane og samfunna oppover langs kysten og ville ha dei under seg.

Det var lokal makt som den gong stod samla mot sentral kongemakt under oppbygging.

Herlaugshaugen finst enno

Haugen der Kong Herlaug tok med seg sitt verdslege gods og ein del folk som stod han nært inn i æva, finst enno: Herlaugshaugen, etter denne strie småkongen, Kong Herlaug.

Herlaugshaugen på Leka

I denne gravhaugen skal Kong Herlaug ha late seg legge i haug i protest mot Kong Harald Hårfagre.

Foto: Liv Govasli / NRK

Historia baserte seg på forteljinga om denne merkelege lokale småkongen som ikkje let seg underlegge sentralmakta.

Heller valde han dauden enn å miste råderetten over sitt eige, Kong Herlaug.

Tvillingbroren Rollaug var ikkje så stri, han bøygde unna, og beheldt livet.

Herlaugsspel i Leka kyrkje

Spelet fortel historia om kampen mot sentralmakt og overmakt.

Foto: privat

Moderne friluftsspel i mange år

I moderne tid skapte myta om Kong Herlaug friluftsspelet Herlaugsspelet, som vart framført på øya i fleire år.

Stykket vart skrive av den populære visesongaren Trygve Hoff, og vart framført i mange år på Leka som også blir kalla Sagaøya, men for ti år sidan var det slutt for teateret.

Teateret inn i kommunekampen

I ti år har ein vore utan spelet på Leka. Men no tek bygdefolket oppatt tradisjonen. Til sommaren blir det spel med politisk bakteppe på Sagaøya. Da er det 40 år sidan Trygve Hoff døydde, og det er ein av grunnane til at spelet no blir sett opp att. I det politiske bildet som no blir trekt opp er det viktig å ta vare på historia om Kong Herlaug, samt å sette det nordliegaste punktet av Trøndelag på kartet.

Lekværingane let seg nemleg ikkje underlegge sentralmakta utan kamp denne gongen heller. Det seier ordførar Per Helge Johansen, som han har sagt det opptil fleire gonger etter at tvangsvedtaket kom frå regjeringa.

Per Helge Johansen, ordfører Leka

Ordførar Per Helge Johansen (Sp) på Leka

Foto: Rita Kleven/NRK

Spelet om kong Herlaug får i år økonomisk støtte frå fleire hald. Både privat næringsliv, Nord-Trøndelag fylkeskommune og Leka kommune bidrar med pengar.

– For meg er dette politikk. Spelet er ein del av den lokale kampen mot sentralmakta nok ein gong, seier Per Helge Johansen.

Bildetet på motstanden mot sentralisme og tvang

Lekas Senterpartiordførar Per Helge Johansen har i vinter blitt sjølve sinnbiletet på kommunemotstanden mot tvangssamanslåingsplanane frå Høgre/Frp-regjeringa, som etter planen altså skal føre til at Leka blir slått saman med Vikna og Nærøy og vesle Bindal i Nordland, til ein kommune.

Kanskje kjente ikke byråkratane som valdte ut dei kommunane dei ville bruke tvang på, historia nord på Namdalskysten godt nok. For no blir Kong Herlaug eit politisk spel, det innrømmer ordføraren.

Herlaugsspel i Leka kyrkje

Folket på Leka bur seg til det store uteteateret mot kommune-reforma midt i juli.

Foto: privat

14.-16. juli skal teateret samle heile motstanden mot kommunereforma på Leka til ein storstilt sommarfest. Eit teater mot Jan Tore Sanners tvangsrform. Da stig den standhaftige og stride Kong Herlaug opp frå det friviljuge eksilet sitt i det hinsidige på nytt.

Teaterøvingane har allereie samla bygdefolket i ein kulturell front mot tvangsvedtaket, seier ordførar Per Helge Johansen.