Familien tapte mot kommunen etter at Camilla tok sitt eige liv – sit att med rekning på 780.000

Ho varsla om risikoen for meir tvangsbruk mot utviklingshemma, så vart ho skulda for vald mot dei same brukarane. Like etter tok Camilla Buknotten livet sitt.

Camilla Buknotten

TO SØSTRER: Vernepleiaren og tobarnsmora Camilla (t.v.) tok sitt eige liv mens ho var skulda for vald på jobben. Søstera Kaisa er også vernepleiar.

Foto: Privat

Eg har tapt. Dei har tatt meg no.

Med «dei» meinte Camilla Buknotten (36) Namsos kommune.

Tre dagar før vernepleiaren bestemte seg for å avslutte livet sitt, var søstera Kaisa på besøk. Dei stod kvarandre svært nær.

Heilt til då hadde Camilla kjempa mot skuldingane. Den dagen kom ho frå det siste møtet med kommunen. Då verka det som ho hadde gitt opp, ifølgje Kaisa.

Camilla Buknotten hadde inga forhistorie med psykiske helseplager. Ho hadde mykje å sjå fram til. I mai året etter skulle ho og sambuaren reise til Maldivene.

Turen var alt bestilt.

– Antyda Camilla nokon gong i denne tida til deg at ho vurderte å ta livet sitt?

– Nei, aldri. Eg oppfatta henne som mykje sterkare psykisk enn meg sjølv. Men ho visste nok at dersom ho hadde ytra slike tankar til meg, ville eg reagert og gjort alt for å hjelpe henne, svarer søstera Kaisa.

Kaisa Buknotten

SVÆRT NÆR: Kaisa Buknotten og søstera stod kvarandre svært nær. –Camilla var den sterkaste av oss, seier Kaisa.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

Varsla fylkesmannen

Camilla Buknotten fekk jobb som vernepleiar i Namsos kommune i 2006. Ho vart oppfatta som fagleg sterk og veldig engasjert i jobben.

Den siste jobben var ved ein omsorgsbustad for psykisk utviklingshemma med autisme. Det var alltid tre på vakt. Brukarane var krevjande: Dei kunne bite, slå, lugge, skalle og klype personalet. Og skade seg sjølv. Kommunen hadde derfor løyve til å bruke tvang og makt etter vedtak stadfesta av fylkesmannen.

For å spare pengar sette kommunen i 2014 ufaglærte vikarar på nattevakt. Dette ville føre til meir tvangsbruk og forverra helse for brukarane, meinte tilsette. Camilla var ein av fem vernepleiarar som derfor sende to bekymringsmeldingar til fylkesmannen i desember 2014.

Håpet var at fylkesmannen skulle ta varselet så alvorleg at han ville kome på tilsyn. Men fylkesmannen fann ingen grunn til å gå vidare med saka. Då det vart klart, måtte dei fem, ein og ein, i møte med kommunen. Dei tilsette viste til at dei hadde teke opp turnusklagen utan å nå fram, før dei kontakta fylkesmannen.

Fleire av vernepleiarane opplevde møtet med kommunen som ubehageleg der målet var å «skremme» dei frå å gå utanom tenesteveg igjen.

Det går fram av intervju attgjeve i ein uavhengig granskingsrapport som vart laga seinare.

«Sparkar og dyttar»

Etter at bekymringsmeldinga ikkje vart følgd opp, var Camilla innstilt på å berre gjere jobben sin.

Nesten eitt år etter skjedde det som skulle ende med at Camilla vart oppsagt i kommunen.

To kollegaer varsla då om arbeidsmiljøet og om episodar som også galdt Buknotten. Begge hadde jobba ved bueininga i berre nokre få månader. I referatet kommunen skreiv etter å ha snakka med varslarane står det at Camilla bruker ord som «æsj» og «ha deg unna» til brukaren. Og at ho «sparkar og dyttar»» vedkomande og er «hardhendt».

Påstandane var så alvorlege at kommunen måtte reagere.

Dette var det nulltoleranse for å akseptere. Særleg sett i hen til brukergruppen. De har ikke språk og er fullstendig avhengig av hjelp.

Helse- og omsorgssjefen, ifølgje rapporten

Ifølgje granskingsrapporten vurderte kommunen også å melde Buknotten til politiet for vald.

Førstelektor ved Namsos Opplæringssenter John Stamnes arbeidde tett saman med henne i tre år på eit prosjekt ved ein annan omsorgsbustad. Då Stamnes høyrde kva ho var skulda for, fann han det svært merkeleg at det skulle ha skjedd.

– Eg har berre gode røynsler med Camilla. Eg såg aldri at ho brukte makt eller var ufin på nokon måte, seier Stamnes til NRK.

Søstrene Buknotten

SISTE TUREN: Veka etter fekk Camilla (t.h.) vete om varselet mot henne.

Foto: Privat

Oppsagd etter tre veker

Det gjekk over ein månad, til 5. november 2015, før personalsjefen innkalla Camilla Buknotten til møte. Til liks med andre som jobba saman med henne vart ho svært overraska då ho fekk høyre om varsla. Buknotten forklarte at ho var opplært til å kunne bruke foten, eller dulte bort i brukaren, men ikkje hardt, når han viste seksuell åtferd.

Ho vart suspendert same dagen.

I referatet står det at påstandane skulle undersøkast nærare. Det skulle seinare vise seg at kommunen ikkje sjekka om fleire kunne fortelje om Buknotten brukte vald. Og at det berre var dei to varslarane som hadde sett det.

I vekene etter suspensjonen var fleire av kollegaene uroa for henne. Ein fortel til NRK at dei to kunne gå tur. Så kunne Buknotten peike på ein stad og seie at der kunne det vere ein passande stad å ta livet av seg. Også ein av varslarane fekk høyre at Camilla var «suicidal» og han kontakta kommunen for å be dei gjere noko. Dette fortel varslaren til granskarane ifølgje rapporten.

I denne tida heldt vener Camilla med selskap på dagtid når ungar og sambuar var ute.

– Vi sat jo «sjølvmordsvakt», seier ein av dei NRK har snakka med.

– Men eg trudde det berre var fortvilte, tomme trugsmål.

Kollegaen og venen seier den største frykta Camilla hadde, var at ungane hennar skulle bli mobba fordi mora vart framstilt som valdeleg.

23. november var det drøftingsmøte der Buknotten også la fram eit eige skriv om skuldingane mot henne. Ifølgje forklaringa kommuneadvokaten gav til granskarane verka Buknotten «fjern».

Tre dagar seinare, 26. november, bestemte kommunen seg for å seie opp Buknotten. Dette var ein torsdag. Kommunen kom til at ho skulle få vete om avgjerda først over helga.

Men same kveld tok Camilla Buknotten livet sitt mens ho var aleine heime.

Hovudtillitsvald Torunn Pedersen i Fagforbundet i Namsos seier til NRK at dette er ei tragisk sak.

– Men kommunen gjorde ikkje noko klanderverdig. Vi freista å ha kontakt med Buknotten mens ho var suspendert, men ho ønskte ikkje det, seier Pedersen.

– Uverdig framferd av kriseteamet

Nokre av personalet ved bueininga fekk vete om sjølvmordet same kvelden. Dagen etter kom kriseteamet.

Dei sa at sjølvmordet ikkje hadde noko å gjere med arbeidssituasjonen til Buknotten. Ein frå kommunen brukte ordet «lynsjestemning» og oppmoda personalet om å ta vare på dei som hadde varsla. Det vart også teikna ein graf frå 0 til 80 år på ei tavle og snakka om «midtlivskrise».

Hadde ikkje Camilla tatt livet av seg den dagen, så ville ho gjort det seinare, sa leiaren.

Fleire som var til stades oppfatta kriseteamet som kommunen «sine utsende talspersonar» seier kjelder til NRK.

Også dei etterlatne fekk besøk same dag.

– Det utvikla seg fort til ein uverdig situasjon. Eg vil kalle det misbruk av kriseteam, seier far til Camilla, Idar Buknotten til NRK.

For også familien fekk høyre at sjølvmordet ikkje hadde noko med jobben å gjere.

– Vi var i sjokk og sorg og framferda deira gjorde det berre verre. Etter ei stund bad eg dei rett og slett om å gå, fortel Buknotten.

Då kriseteamet likevel kom i gravferda vart familien opprørt. Før seremonien starta, kom dei fram til familien og tok dei i handa, framfor heile kyrkjelyden.

– Det verka som om kriseteamet ville vise seg fram, seier Idar Buknotten.

NRK har referert episodane for fagpersonar i kriseteam i andre kommunar i Trøndelag og fekk desse svara:

  • «Vi går ikkje i gravferder utan at vi blir inviterte»
  • «Kriseteam skal lytte, vere ei støtte og hjelpe dei etterlatne»
  • «Å utelukke årsaker til sjølvmord, er ikkje vår jobb»
  • «Her har kommunen blanda korta ved å la kriseteamet vere ein bodbringar frå kommunen. Kanskje var det utilsikta, men like fullt er det ikkje slik vi skal opptre»

Kriseteamet i Namsos er orientert om utsegnene og omtalen, men ønskjer ikkje å uttale seg, opplyser spesialrådgjevar Morten Sommer til NRK.

Buknotten

BARNDOMSMINNE: Frå venstre Ida, Camilla og Kaisa.

Foto: Privat

– Unødig belastning under saksbehandlinga

Namsos kommune og dei etterlatne var svært usamde om lover og reglar hadde vorte følgde.

Dei etterlatne meinte Namsos kommune hadde brote Arbeidsmiljølova ved å gjengjelde Buknotten for bekymringsmeldinga ho var med på.

For å få eit rettsleg grunnlag for eventuelle søksmål, vart Arntzen de Besche Advokatfirma engasjert av kommunen og familien i fellesskap.

Granskingsrapporten, der 19 personar var intervjua, kom i juni 2017.

Om Namsos kommune hadde bevis nok til å seie opp Buknotten, tvilte granskarane på.

Jeg stiller meg tvilende til om det forelå bevismessig dekning for kommunens beslutning om oppsigelse.

Advokatane, frå rapporten

Ville reinvaske Camilla

Kritikken mot kommunen var så klar, at familien håpa det var mogeleg å kome i dialog om oppreisning. Då det ikkje gjekk, vart utvegen rettssak. Namsos kommune vart også saksøkt for inntil 2,5 millionar kroner i erstatning til dei to barna for tap av forsørgar.
I Namdal tingrett 8. november i fjor vart kommunen frifunnen på alle punkt.

Camilla Buknotten var ingen varslar fordi forholda i bekymringsmeldinga i 2014 ikkje var ulovlege eller uetiske, meinte retten. Kravet om oppreisning på grunn av gjengjelding, vart derfor avvist. Kommunen hadde heller ikkje noka rettsleg plikt til å innhente meir informasjon rundt varsla mot Buknotten året etter, går det fram av domen.

Det (er ) ikke i tilstrekkelig grad er sannsynliggjort at arbeidsgiver har opptrådt forsettlig eller erstatningsbetingende uaktsomt i behandlingen av Buknotten.

Dommen frå Namdal tingrett 8. november

Familien sat att med ei rekning for sakskostnader til Namsos kommune og advokatutgifter på i alt 780.000 kroner.

Advokat for familien, Kari Breirem, kallar det «semantikk» når retten avviser at Buknotten var ein varslar:

– Ho varsla saman med kollegaer til fylkesmannen som tilsynsmyndigheit. Ho vart utsett for gjengjelding frå kommunen som følgje av dette. Det er bevist at ho sjekka Arbeidsmiljølova på førehand, seier Breirem.

– Det er ingen klare skilje mellom eit varsel og ei bekymringsmelding. Det blir brukt om kvarandre, meiner Breirem.

– Domen er mangelfull og har faktiske feil. Den legg einsidig vekt på vitnemåla frå motparten og overser det vitna våre fortalde i retten.

Granskingsrapporten er så vidt nemnt av Namdal tingrett.

– Det er ubegripeleg for meg at ein domar kan sjå heilt bort ifrå det som kom fram i rapporten, seier Breirem.

I e-post til NRK skriv den konstituerte domaren Marianne Klausen mellom anna.

Tingrettens vurdering av denne saken kommer til uttrykk i Namdal tingretts dom. Dersom saksøker ikke er enig i det faktum som blir lagt til grunn, rettens faktiske og juridiske vurderinger og/eller konklusjoner vil de ha mulighet for å anke.

Marianne Klausen
Namsos kommune

VIL IKKJE KOMMENTERE: Namsos kommune vil ikkje kommentere saka sidan domen er anka. Det er ikkje fastset tid for ankesaka.

Foto: Espen Sandmo / NRK

På vegne av familien anka Breirem i desember domen til Frostating lagmannsrett.

NRK har bede Namsos kommune om kommentarar til dei konkrete påstandane frå andre kjelder i saka. Spesialrådgjevar Morten Sommer viser til at domen frå Namdal tingrett er anka av dei etterlatne.

– Kommunen skal besvare og forklare seg når saken behandles i lagmannsretten, skriv Sommer i e-post til NRK.

Granskingsrapporten refererer synet til kommunen slik:

Namsos kommune har på sin side bestridt at det foreligger noen sammenheng mellom suspensjonssaken og det forhold at Buknotten valgte å ta sitt eget liv.

Granskingsrapporten

NRK har snakka med ein av varslarane. Vedkomande ønskjer ikkje å uttale seg. Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med den andre som varsla.

Brudekjolen som vart hengande ubrukt

Tre veker før Camilla Buknotten avslutta livet sitt, kom ho heim til foreldra sine med ein brudekjole. Ho ville ikkje at sambuaren skulle sjå kjolen før den store dagen. For 21. mai i år skulle ho gifte seg.

Tre år etter at ho døydde er far Idar og resten av familien fast bestemt på å kjempe vidare for ettermælet til Camilla.

– Folk har tatt kontakt og fortalt at dei også opplever alvorlege problem på arbeidsplassen sin i Namsos kommune. Derfor er det viktig å få prøvd saka i lagmannsretten, seier Idar Buknotten.

– Eg såg på Camilla at ho var oppgitt over forholda ved bueininga, også før varsla mot henne kom.

– Skift jobb, sa eg.

Dottera kom ikkje så langt. Ho fekk heller aldri sjå Maldivene dit bryllaupsreisa skulle gå.

I bukselomma hadde ho lagt ein lapp som familien fekk på sjukehuset då dei kom for å sjå henne.

Der hadde ho skrive:

«Unnskyld mamma & pappa, Ida & Kaisa. Dere finner mine lokale notater på mobilen hva jeg føler. Glad i dere. Ta vare på [namn på barn, sambuar og på far til barna] Camilla».