Med siger over Raufoss hadde Ranheim vore klare for Adeccoligaen neste år.
Men laget frå Vestre Toten i Oppland blei forsterke og Ranheim måtte sjå seg slått med 3-0 i søndagens bortekamp.
– Vi spelte ein middels minus kamp mot eit godt heimelag, så utifrå vår prestasjon hadde vi ikkje rett på noko poeng i dag, seier trenar for Ranheim, Per Joar Hansen, til NRK Trøndelag.
Treng to poeng
Ranheim treng to poeng på dei neste to kampane for å vere sikra avdelingssigeren i 2.divisjon avdeling 4.
Trenar Per Joar Hansen har trua på at det går vegen for Ranheim.
– Vi må lære av det vi ikkje fekk til i denne kampen og få til ei god treningsveke, så må vi mobilisere og kome sterkt tilbake i neste heimekamp som er mot Manglerud/Star laurdag, seier Hansen.
To kampar igjen
- 17. oktober: Ranheim - Manglerud/Star
- 24. oktober: Bossekop - Ranheim
Les meir om:
Byåsen er det siste laget i Trondheim som har vore i 1. divisjon. Dei rykte ned i 2000-2001 sesongen.