Hopp til innhold

Talentspeidarar følgjer med RBK i kveld

Slaget om Norden er festmat for spelaragentane.

RBK

FØLGJER MED: Det blir mange auge på Rosenborg under kveldens kamp mot FCK.

Foto: Ness, Rune Petter / SCANPIX

Det er ikkje berre spente supportarar som følgjer kampen mellom Rosenborg og FC København i kveld. Over 40 speidarar frå klubbar i Europa er venta til oppgjeret i parken.

Utstillingsvindauge

I kveld har spelarane dermed moglegheit til å vise seg fram for andre klubbar.

– Meisterligaen er eit utruleg vindauge, og det samme er Europaligaen, seier sportsleg leiar Erik Hoftun.

Spekulasjonane rundt spelarsal er mange. Per Ciljan Skjelbred er kopla til tyske Schalke og Anthony Annan har vore nemnt i samband med fleire storklubbar.

Kris Stadsgaard vil kanskje heim til Danmark, og Vadim Demidov skal allereie vere klar for spansk fotball frå nyttår.

Vanskeleg balanse

Erik Hoftun

SLIT MED BALANSEN: Erik Hoftun synest balansen mellom spelarsal og kontinuitet er vanskeleg.

Foto: Terje Bendiksby / Scanpix

Hoftun vedgår at klubben er i ein vanskeleg situasjon, når det gjeld klubbytte blant spelarane.

– Vi lever heile tida i balansen mellom å ha eit best mogleg lag og det å kunne selje ein spelar i ny og ne. Det må vi både for å få inn pengar i klubbkassa, men også for å vise omverda at det går an å spele for Rosenborg å ta steget vidare til ein større klubb.

Spelarane vil på si side ikkje kommentere den utanlandske interessen.

– Eg har ikkje teke noko stilling til det, så det har eg ikkje noko svar på, seier Per Ciljan Skjelbred, etter spørsmål om den tyske klubben Schalke.

Avviser Lecce-forhandlingar

Når det gjeld Mikael Lustig og italienske Lecce, kan den sportslege leiaren avkrefte at det pågår forhandlingar.

– Eg har jo høyrt via agentar at det kan vere noko interesse, men det pågår ingen forhandlingar, seier Hoftun.