Hopp til innhold

Rewan (14) sat i restauranten då takkonstruksjon losna: – Som eit jordskjelv

Delar av taket fall ned på McDonald's på Tiller i Trondheim måndag kveld. Fem ungdommar er skadde.

Arkan var på McDonalds då takplate losna

– SKUMMELT: Rewan Arkan Latif (14) var til stades då den tunge takkonstruksjonen losna og trefte gjester på McDonald's på Tiller i Trondheim.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Tre personar er frakta til St. Olavs hospital. To andre har fått ein helsesjekk på staden.

– Ein tung takkonstruksjon fall ned i første etasje. Personar fekk denne over seg, opplyser innsatsleiar Marie Fossen Bredeli i Trøndelag politidistrikt til NRK.

Smerter i hovud og skuldrer

Alle dei fem skadde skal vere under 18 år, ifølge innsatsleiaren. Ein lege på staden sa at ingen av dei er livstruande skadd.

Ifølge Bredeli klagde ungdommane på smerter i hovud og skuldrer.

– Det er ikkje mistanke om at dei er alvorleg skadde, seier kommunikasjonsdirektør Marit Kvikne ved St. Olavs hospital.

Deler av taket til McDonalds på Tiller har falt ned

KOLLAPS: Ein tung takkonstruksjon skal ha falle ned og treft gjester. Fem personar er skadde.

Foto: Bertil Lernæs / NRK

Evakuerte 20 gjester

Politiet fekk melding om hendinga kl. 18.50.

Dei evakuerte og stengde restauranten saman med brannvesenet.

Det var 20 gjester til stades, i tillegg til tilsette, då delar av taket losna.

Ifølge innsatsleiaren er takkonstruksjonen som fall ned rundt 200 kg.

Brannvesenet til stede ved McDonalds på Tiller i Trondheim etter at deler av taket inne i restauranten har falt ned

PÅ STADEN: Naudetatane rykte ut til McDonald's på Tiller, der ein tung takkonstruksjon losna.

Foto: Bertil Lernæs

– Folk fekk panikk

Rewan Arkan Latif (14) sat i andre etasje på McDonald's då takplata losna i etasjen under han.

– Eg og ein kompis høyrde ein lyd. Det høyrdest nesten ut som eit jordskjelv under oss.

– Vi vart nervøse og lurte på kva lyden var, så vi gjekk ned trappa, held han fram.

Kameratane såg to personar som var skadd. Rewan frykta at det var folk han kjende. 14-åringen fortel at folk fekk panikk.

– Eg vart litt redd. Det var skummelt. Eg har aldri sett eller høyrt noko liknande før. Det er heilt sjukt at taket datt ned, seier han til NRK.

Politiet til stede ved en McDonalds-restaurant på Tiller i Trondheim. takplater har falt ned

POLITIET: Politiet evakuerte 20 gjester og tilsette som var til stades då takplata losna.

Foto: Bertil Lernæs

Driftssjef: – Ingen teikn på at noko var feil

Driftssjef Jonas Rakuckis for McDonald's i Trondheim synest det er ein svært uheldig situasjon.

– Slikt skal ikkje skje verken på ein restaurant eller andre stader. Eg håpar at det kjem til å gå bra med alle involverte, seier han.

Konstruksjonen i taket var ny under ombygginga av restauranten i 2019, og den er heilt lik i andre etasje på restauranten.

Jonas Rakuckis, driftssjef, McDonalds
Tiller i Trondheim

DRIFTSSJEF: Jonas Rakuckis seier det var ingen teikn til at noko var feil med takkonstruksjonen ved McDonald's-restauranten på Tiller i Trondheim.

Foto: Kari Sørbø / NRK

– Det er vanskeleg å seie kva som har skjedd. Det var ingen teikn til at noko var feil. Ingenting bevegde seg eller vibrerte, seier Rakuckis til NRK.

Kommunikasjonssjef Veronika Skagestad for McDonald's i Norge understrekar at politiet no etterforskar saka, og at ho ikkje vil kommentere så lenge etterforskinga pågår.

Det bekreftar operasjonsleiar Kamilla Engen i Trøndelag politidistrikt.

– Vi kan ikkje seie noko om årsaka enno, fastslår ho.