Syklist omkom i ulukke

Syklisten som vart funnen bevisstlaus ved ei rundkøyring i Trondheim omkom på staden, opplyser politiet i Trøndelag på Twitter. Dei utfører no tekniske undersøkingar på staden. Pårørande skal vere varsla, skriv politiet.