Hopp til innhold

Mann omkom i sykkelulykke i Trondheim

Ein mann i 60-åra er bekrefta omkommen etter ei sykkelulykke på Bjørkmyr i Trondheim.

Syklist havnet i grøfta ved Bjørkmyr i Trondheim. Politiet står og dirigerer på stedet

Politiet sperra av området på Bjørkmyr der ulukka skjedde.

Foto: Kari Anne Breivik Eldnes / NRK

Ein syklist som vart funnen bevisstlaus i ei grøft ved ei rundkøyring på Bjørkmyr i Trondheim i ettermiddag omkom på staden. Det melder politiet i Trøndelag på Twitter klokka 17.21. Pårørande er varsla.

– Ein lege kom kjapt til staden, før ambulanse og politi, seier operasjonsleiar i Trøndelag politidistrikt Trond Hangaas.

– Det vart utført hjarte- og lungeredning. Noko seinare vart syklisten bekrefta død, seier Hangaas

Politiet sine teknikarar og ulykkesgruppa til Statens vegvesen undersøker no kva som var årsaka til ulukka.

– Det er ikkje noko som tyder på at det var andre trafikantar involvert, seier Hangaas.

Han understrekar at årsaka til ulukka framleis er uviss.

– Kva skadar hadde mannen då de fann han?

– Det blir beskrive lite eller ingen synlege skadar på personen, svarar Hangaas.

Politiet fekk melding klokka 15.16.