Hopp til innhold

Sverige + Trøndelag = OL

Svenskane ønskjer å samarbeide med lokale krefter i Sør-Trøndelag om å arrangere eit OL i Østersund i 2018.

De olympiske ringer og Roar Ljøkelsøy
Foto: Erik Johansen / Scanpix

Østersund og Sør-Trøndelag har sett på mulegheitene for ein felles OL-søknad frø, men det prosjektet blei det ikkje noko av.

No ønskjer altså Østersund igjen å samarbeide med sør-trønderne. Ein av grunnane er kostnadene, seier kretsidrettssjef i Jämtland-Härjedalen, Bertil Karlsson.

- Trønderane har allereie både hoppbakke og skistadion ståande ferdig. Det er også snakk om å ha fleire hotell, seier Karlsson til NRK.   

Positive trønder

Sør-Trøndelag idrettskrets er positive til eit samarbeid, og meiner det slett ikkje er umuleg med norsk hjelp.

- Om Østersund kjem til oss, har vi Granåsen og anlegga der klare til bruk. Vi ønskjer gjerne store arrangement til Trøndelag, men det må vere i samarbeid med sentrale styresmakter, seier dagleg leiar i Sør-Trøndelag idrettskrets, Kjell Dahle.   

Han legg til at dei heller vil støtte Tromsø om dei vel å søke.

Ingen god løysing 

Styremedlem i den internasjonale olympiske komiteen, Gerhard Heiberg, ønskjer ein Trøndelag/Østersund-søknad velkommen, seier at løysinga ikkje er ideell.

- Dei kan søke, men det gjeld å få mest muleg kompakte leikar, og avstanden mellom Trondheim og Østersund kan bli i største laget, seier Heiberg.