NRK Meny
Normal

Vil ha gratis tannlege

Svein Otto Nilsen har eit brennande engasjement for innbyggarane i Trondheim.

Svein Otto Nilsen
Foto: privat

Det blei også avgjerande då han i 2003 valte å gå frå Framstegspartiet til Demokratene.

Ved stortingsvalet i haust er han listetopp for Demokratene både i Nord- og Sør-Trøndelag.

– Fundamentalt i Demokratene sitt samfunnssyn er truen på enkeltmennesket sin rett til å bestemme over eige liv. Demokratene vil kjempe for at enkeltmennesket ikkje blir umyndiggjort og ikkje minst gjere lovverket enklare. Det blei viktig for meg då eg valte partitilknyting, seier Svein Otto Nilsen til NRK Trøndelag.

Gratis tannlege

Dei neste fire åra vil Svein Otto Nilsen kjempe for at folk får gratis tannlegebehandling og alternativ behandling innan helsesektoren.

– Demokratene vil også styrke eldre- og rusomsorgen. Medisinsk domstol er også ei viktig sak.

Kva er viktigast for deg i valet av politiske samarbeidspartnarar?

– Dette tek vi etter valet, når vi veit kven som vil samarbeide med oss.
Demokratene er eit borgarleg parti og vil sjølvsagt primært samarbeide med borgarlege parti, seier Nilsen.

Han vil helst samarbeide med dei borgarlege partia og styrer unna Sosialistisk Venstreparti og Rødt som samarbeidspartnarar.

Støttar bøndene

Demokratene tek sterk avstand frå å finansiere vegutbygginga i Trøndelag med bompengar. Dei meiner også rovdyra ikkje må ta overhand og redusere sauehaldet endå meir.

– Eg støttar fullt ut bøndene i deira kamp mot rovdyrene, men vi kan ikkje gjere slik at enkelte rovdyr forsvinn frå faunaen vår.

Kva meiner du om å slå saman kommunar i Trøndelag?

– Eg ønskjer ikkje å slå saman kommunar i Trøndelag med makt. Det skal vere innbyggarane sitt ønske som kan føre til samanslåing og då skal alle konsekvensar leggast fram for dei som bur i kommunane det gjeld, understrekar Nilsen.

Send epost til Svein Otto Nilsen

Video fra Trøndelag

Midtnytt
Fra 1. januar får du nyheter klokka 18:55, 20:55 og 22:55.
For første gang i Norge får besøkende på NTNU Vitenskapsmuseet se hvordan dyr ser ut på innsiden av huden.