Hopp til innhold

Svartedauden-mysteriet løyst

Ein forskar har løyst mysteriet rundt Svartedauden og utvikla ei vaksine mot pest og andre alvorleg sjukdomar.

"Svartedauden" - tegning av Theodor Kittelsen (faksimile fra Norges Historie)

 Det svært så oppsiktsvekkande funnet blei gjort av den norske forskaren Egil Lien i USA. Funnet har lagt grunnlaget for ei vaksine mot den frykta pestbakterien, Yersinia pestis.

Lien jobbar i dag som professor ved University of Massachusetts i USA, men har tilknyting til Institutt for kreftforsking og molekylærmedisin ved det medisinske fakultetet i Trondheim.  

- Funna våre forklarar ein av Svartedaudens største løyndomar, seier forskar Egil Lien til NRK Trøndelag.

Testa på mus

Lien har no brukt kunnskapane sine om bakterien til å lage ei vaksine mot den dødelege pesten. Han har utvikla ein variant av bakterien som immunforsvaret lett oppdagar.

Denne bakterien blei overført til mus, og då dei seinare blei påført den dødelege varianten, viste det seg at dei greidde å slå ned infeksjonen og alle musene overlevde.

- Bakterien har ein utruleg smart måte å lure immunforsvaret vårt på. Den endrar overflata si, slik at immunforsvaret ikkje greier å kjenne igjen bakterien, og på den måten får den formeire seg i hopetal, seier forskar Egil Lien til NRK Trøndelag.   

Egil Lien
Foto: NTNU

Frykta terrorvåpen

Amerikanske styresmakter har lenge frykta at pestbakterien, som var årsaka til svartedauden, skulle bli brukt i biologisk krigføring.

Sjansen for at Noreg skal oppleve svartedauden igjen, eller bli utsett for biologisk terror med denne bakterien er svært liten, understrekar Lien. Han meiner likevel at funna er eit steg i rett retning, for å kunne kjempe mot epidemiane som herjar rundt i verda i dag.

- Vi trur at mange bakteriar oppfører seg på same måte. Til dømes magesårbakterien helicobakter og lungebakterien legionella, som det har vore fleire utbrot av det siste året. Mange former for klamydia ser også ut til å ha same overflate som testbakterien, seier Lien. 

 

Rottefanger i middelalderby (faksimile av tegning i Olaus Magnus' Nordenhistorie