Hopp til innhold

Sumde i land etter utforkøyring

Føraren måtte symje i land etter at ein tankbil hamna i fjorden mellom Leksvik og Vanvikan i dag tidleg.

Melkebil i sjøen
Foto: MMS-foto: Jon Arne Hoff Johansen / NRK

– Bilen ligg delvis under vatn og sjåføren har sumd til land, seier operasjonsleiar Lars Erik Besseberg ved Nord-Trøndelag politidistrikt til NRK Trøndelag.

Lettare skadd

Utforkøyringa skjedde fem kilometer frå Leksvik i retning Vanvikan klokka 0812 mandag morgon. Føraren vart lettare skadd.

- Eg gjer meg mange tankar om det som har skjedd. Eg tenkjer på det at vi kunne hatt ein mykje utrivligare dag enn vi har hatt no. At det har gått bra er eigentleg litt vanskeleg å skjønne, seier Terje Aanonli, far til sjåføren av tankbilen.

Han seier at sonen har det bra.

- Han har fått seg eit rom på sjukehuset i Levanger og har det forsåvidt greit. Litt vondt i rygg og nakke, men anna kan ein ikkje vente, seier Terje Aanonli til NRK.

Vegen stengd

Politi, ambulanse og brannvesenet rykka ut til staden.

Rv 755 mellom Leksvik og Vanvikan var stengd på grunn av ulukka, vegen er no open.