Stutum-comeback i Trondheim

I 30 år var dei heile landets humorpar. I dag stod dei på scenen igjen i Rockheim i Trondheim. Men det skal visst ikkje bli nokon vane.

Bjørn Sand og Tooto Osvold opptrer på Rockheim. Bilder fra scene og publikum. På storksjerm bak vises klipp fra TV med de to.

Totto Osvold og Bjørn Sand saman igjen for første gong på fleire tiår.

– Vi har ikkje tid, seier Bjørn Sand, alias «Stutum».

– Kvar gong eg kan, så skal han anten til lege, tannlege eller sjukehus, flirer han, og peikar på kollega Totto Osvold.

– Og dersom han kan, er det min tur til å vere opptatt med det same, legg han til!

Lite har endra seg

Blikket for humor er der framleis, fleire tiår etter at humorparet sist opptredde saman – gode poeng ser pensjonistane over alt, ofte i det dagsaktuelle.

– Seinast i går slepte jo justisminister Anundsen ein kjempehumoristisk video, den var morosam, ler 74-årige Totto Osvold, og Bjørn Sand på 86 nikkar.

Sistnemnde hausta applaus då han entra scenen for ein fullsett sal på Rockheim lett haltande, og lurte på om folk trudde han gjorde seg til.

– Nei, det er når vi går slik som dette vi gjer oss til, sa han – og gjekk som ein ungdom.

Heldt på i 30 år

«Stutum» var den politisk ukorrekte innringjarfiguren som tidt og ofte ringde inn i Totto Osvolds radioprogram i NRK frå 70-talet og framover. I 30 år heldt dei det gåande, også med populære sceneshow rundt omkring i landet. I 1973 fekk dei Spellemannspris for plata "Stutum Speaking".

Dei var inviterte til Rockheim i dag i samband med utstillinga "De gærne har det godt", og publikum fekk høyre mange historier frå det mangeårige samarbeidet – blant anna korleis dei arbeidde med figuren «Stutum».

Bjørn Sand og Totto Osvold fortel om korleis dei arbeidde med Stutum-figuren.

Det var Bjørn som skreiv manus, seier Totto Osvold.

Kona til «Stutum» er best kjend under namnet «Gunnhild». Men ho hadde eit anna namn først, som du kan høyre om i denne videobiten:

Sjå video:
Kona til Stutum heitte først Magnhild. Så endra ho namn til Gunnhild

Kona til Stutum heitte ikkje Gunnhild i starten.

Dei fleste historiene var reint oppspinn. Men det hende også at dei serverte sanne historier, som den Totto Osvold alltid varma opp publikum med i sceneshowa:

Stutum og Osvold på scenen på Rockheim med telefonsketsj.

Det hendte også dei bydde på sanne historier.