Hopp til innhold

110.000 studentar startar i dag: – Det kriblar litt i magen

No begynner eit nytt kapittel i livet for tusenvis av studentar over heile landet.

Pernille Tollefsen og May Johnsen, ferske studenter ved NTNU

FØRSTE DAG: Pernille Tollefsen og May Johnsen er ferske studentar ved NTNU.

Foto: Henning Levold / NRK

Måndag startar haustsemesteret ved landet sine høgare utdanningsinstitusjonar.

Nesten 110.000 har fått tilbod om studieplass ved eit av landets universitet og høgskular.

– Eg er veldig spent. Det kriblar litt i magen, seier May Johnsen.

Saman med Pernille Tollefsen har ho funne seg ein plass på plenen utanfor NTNU i Trondheim måndag.

Begge skal starte på årsstudium i pedagogikk, og har aldri vore studentar før.

– Eg trur at det blir veldig spennande. Det er artig å vere her, sjå folket og finne ut kven ein skal bli kjent med.

Les også Dette bør du tenke på som ny student

Martine Øvrebø og Sanne Klevmo ute i en park i Trondheim.

– Eit nytt kapittel i livet

Kaja Ingdal Hovdenak, er leiar for Norsk studentorganisasjon (NSO). Ho trur det er mange som no er spente.

– Studiestart er nok først og fremst ei spennande tid for dei mange tusen som begynner på studia sine i dag.

Samstundes påpeiker ho at det ikkje berre er lett å gå inn i den nye tilværet som student.

– Studietida blir ofte skildra som den beste tida i livet.

– Eg huskar eg følte på mykje forventingar og at eg følte på at eg måtte skjerpe meg for at det skulle leve opp til forventningane.

Kaja Hovdenak er leder i Norsk studentorganisasjon.

Leiar i Norsk studentorganisasjon, Kaia Ingdal Hovdenak, trur mange er spente før studiestart i dag.

Foto: Skjalg Bøhmer Vold / Skjalg Bøhmer Vold

Sjølv om mange no må utanfor komfortsona trur ho likevel det kjem til å gå bra for dei fleste.

Studietida er ei tid der ein får utfordra seg sjølv ved å bli kjent med mange nye menneske, kanskje flytte til ein ny stad og ikkje minst lære mykje nytt.

Det er eit nytt kapittel i livet som startar for mange i dag, så det er det berre å nyte.

Les også Blant 1900 søkere kapret Camilla (24) en av de få plassene

Kamilla flyingeniør

Klar for fadderperiode

At det er høge forventningar knytt til å starte som student, er ikkje dei ferske studentane ved NTNU i tvil om.

– Eg veit at det kan gå begge vegar. Men det verkar lovande, seier Johnsen.

Ho trur at den neste tida blir både spennande og artig, men legg ikkje skjul på at det kjem ansvar med å bli studentar for første gong.

– Du må ha litt disiplin, seier ho.

– Det blir greitt å komme seg litt ut i vaksenlivet. Men begge to bur framleis heime og snyltar på mor og far, så sånn sett går det jo fint, legg Johnsen til.

Isak Anda og Kasper Kvale Sæterheim, studenter ved NTNU

Kasper Kvale Sæterheim og Isak Anda kjem begge frå Oslo og har flytta til Trondheim for å studere.

Foto: Henning Levold / NRK

Kasper Kvale Sæterheim har tru på at det skal gå fint å vere student, men han er også førebudd på å snuble litt i starten.

– Eg tenker at det blir greitt. Det blir å stryke i eitt par fag og svi litt mat, så finn ein vel ut av det etter kvart.

Den ferske studenten frå Oslo har flytta til Trondheim for å starte på kybernetikk og robotikk-studiet.

– Eg veit ikkje heilt kva kybernetikk er ennå, ler han.

Kamp om studentane

Viserektor Anne Lise Sagen Major ved NTNU i Ålesund tok i mot over 1000 studentar måndag. Mange av dei har flytta til Ålesund. Viserektoren håpar på å gje dei eit godt studietilbod. Å ta høgare utdanning er viktigare enn nokon gong.

– Vi treng alle. Vi trenger dei med fagutdanning. Vi treng dei med høgare utdanning. Verda endrar seg. Vi skal finne ein ny kunnskap for ei betre verd. Det er det som er målet vårt.

Sagen Major trur det blir tøffare kamp om studentane framover.

– I Ålesund går fleire aktørar saman om å lage ein betre studentby. Det blir større kamp om dei unge studentane. Ungdomskulla går jo nedover. Og då er det dei som er flinkast og best som vinn kampen om dei unge studentane.

Studiestart Ålesund

Studentane er klare for eit nytt semester på NTNU i Ålesund.

Foto: Remi Sagen / NRK

Håpar på koseleg år

Lenger nord er Yngve Leander Eide Iversen klar for å starte på bioteknologi ved Universitetet i Tromsø.

– Det blir spennande. Eg har komme langt sørfrå. Så tenkte eg skulle komme opp hit for å sjå om korleis det er i nord.

– Kva forventningar har du til studiet som du skal begynne på?

– Eg er ikkje den som har mest forventningar, men eg håpar at vi får eit koseleg år og møter nye kameratar.

Yngve Leander Eide Iversen

Yngve Leander Eide Iversen er fersk student ved UiT.

Foto: Simen Wingstad / NRK

Nora Selvig og Tora Tettmo står klare for å ta imot førsteårsstudentane som kjem hit.

– Eg tenker vi må vere hyggelege og greie og ta dei imot med opne armar, slik at dei kjenner seg trygg, seier Selvig.

– I fjor hugsa eg at eg var ganske nervøs sjølv. Det er nok det som går gjennom hovudet på dei, ja. Og så er det jo veldig mykje folk her, seier Tettmo.

Studiestart ved Universitetet i Tromsø

Studiestart ved Universitetet i Tromsø.

Foto: Simen Wingstad / NRK

Færre lærarstudentar

Av dei nesten 110.000 ferske studentane som fekk tilbod om studieplass i årets opptak, vil nesten 20 prosent gå i gang med eit studie innan økonomisk-administrative fag.

Nest størst er helsefaga med 18,4 prosent av dei nye studentane.

Søkartala til lærarutdanninga har derimot falt dei siste åra. I år er det 6,8 prosent færre som har fått studieplass ved ei lærarutdanning.

Nedgangen er eit faktum sjølv om regjeringa opna for mogelegheita til å sjå bort frå karakterkrava i norsk og matematikk.

– Vi treng lærarar. I mange kommunar er det problem med å rekruttere lærarar. Så no tar vi et grep for å få fleire lærarar med lærarutdanning ut i norske skolar, sa forsking- og høgare utdanningsministeren, Oddmund Hoel, om tiltaket i juni.

åpningsseremoni uib

Opningsseremonien ved Universitetet i Bergen.

Foto: Oskar Rennedal / NRK