Hopp til innhold

Barnehage i Trondheim stengd på grunn av koronasmitte

Ein tilsett i Moholt barnehage har tysdag ettermiddag fått påvist koronasmitte. No er barnehagen stengd inntil vidare.

Moholt barnehage

STENGD: Moholt barnehage har stengd dørene etter at ein tilsett fekk påvist koronasmitte tysdag ettermiddag.

Foto: Bjørn Steinar Gundersen / NRK

– Den smitta har lite symptom, men nok til at vedkommande tok ein koronatest på måndag, seier Gustav Øverli, velferdsdirektør i Sit.

Det er Studentsamskipnaden i Trondheim (Sit) som driv Moholt barnehage.

Adresseavisen omtalte saka først.

Alle barn og tilsette i karantene

Barnehagen har 49 tilsette og 126 barnehageplassar. Dei er alle pålagt karantene.

– Vi held oss til dei anbefalingane vi får frå smittevernkontoret i Trondheim kommune, seier Øverli.

Har starta smittesporing

Smittevernkontoret er i gang med smittesporing og kartlegging av kontaktane den tilsette har hatt.

– Vi har stengt barnehagen inntil vi får nærmare beskjed frå kommunen, opplyser Øverli.