NRK Meny
Normal

Studentar blir dei fyrste gjestene på nytt hotell

Har du ikkje fått deg hybel i Trondheim enno? Då kan du sjekke inn på hotell Scandic Lerkendal i august for ein billeg penge.

Scandic Lerkendal

KLART TIL INNSJEKK: Aldri før har sengene på hotellet Scandic Lerkendal vore sove i før. No får huslause studentar innvie dei.

Foto: Sven-Erik Knoff

– I år blir det fleire, billigare og betre, seier Tove Lill Karlsen, prosjektleiar for «Tak over hodet».

Mange nye studentar får seg ikkje hybel til studiestart, og då treng dei ein mellombels plass å gjere av seg. «Tak over hodet» er StudiebyEN sitt årlege tiltak for å sikre nye studentar ein stad å sove når dei kjem til Trondheim.

Tove Lill Karlsen i StudentbyEN.

FRÅ SJUKEHEIM TIL HOTELL: Prosjektleiar for Tak over hodet, Tove Lill Karlsen, er spent på dei nye lokala.

Foto: Mari Langva / NRK

Tidlegare har «Tak over hodet» vore i ein nedlagt sjukeheim på Persaunet. Men i år blir det ganske annleis.

– Eg kvidde meg for å sende e-post til hotelldirektør Bjørgvin Thorsteinsson og spørje, men han tente verkeleg på ideen.

– Dei er tøffe og rause som blir med på dette

I år er plassen dei skal sove på like fersk som studentane.

«Tak over hodet» har nemleg inngått ein avtale med hotellet Scandic Lerkendal om at dei skal huse dei hybellause studentane i august.

Hotellet har enno ikkje opna, så studentane blir dei fyrste gjestene som får bu der.

– Scandic Lerkendal kjenner medansvar som vertskap for studentane som kjem til byen, og vil no vere med på å gje dei ein god start som Trondhemsstudentar, fortel Karlsen.

– Studentane er ein ressurs for Trondheim, og då må me ta godt i mot dei.

I fjor hadde «Tak over hodet» berre plass til 180 personar. I år vil dei ha plass til 2-300 stykker, og det trur Karlsen er meir enn nok.

Nært og rimeleg

På Scandic Lerkendal kan studentane sove på eittroms, toroms, treroms eller på sovesal.

– Sovesalen blir oppretta i kongressalen på hotellet.

Prisane varierar frå 495 til 150 kroner per døgn. Då er frukost og wifi-nett inkludert.

– Hotellet reknar seg nesten som ein del av campus Gløshaugen, og er jo òg veldig nære fleire av HiST sine campus, så plasseringa er super, seier Karlsen.

– Dette er eit pilotprosjekt. Om me lukkast med dette, kan det bli ei varig løysing.

«Tak over hodet» held ope på Scandic Lerkendal frå 5. august til 3. september.