Hopp til innhold

Her vert studentane historiske: – Ein draum som går i oppfylling

For fyrste gong har norske studentar utvikla, bygd, sendt opp og kommunisert med ein satelitt i verdsrommet. No skal det bli mogleg å ta «romselfie».

FÅR KONTAKT: Her kan du sjå video av då studentane skjønte dei hadde fått kontakt med satelitten.

– Dette har vore ei lang og emosjonell reise for oss, seier Ulrik Falk-Petersen, leiar for Orbit NTNU til NRK.

Studentorganisasjonen har nyleg fått kontakt med sin fyrste satelitt, Selfiesat.

Den vart send ut i verdsrommet i mai, med SpaceXs rakett Falcon 9. Studentane hadde forventa å få svar med det same.

– Vi har sitte kvar dag gjennom sommaren og lytta etter satelitten der vi trudde den skulle dukke opp. Men det viste seg at det var eit problem med fartøyet vi sendte satelitten opp med.

Ulrik Falk-Petersen

Ulrik Falk-Petersen seier han er stolt av alle studentane som har brukt fritida på å jobbe målretta for prosjektet.

Foto: Privat

Vil bringe verdsrommet nærare

I over fire år har meir enn 150 studentar jobba målretta for å realisere prosjektet.

Plutseleg, i sist veke, kunne dei sleppe jubelen laus.

– Det var ekstase i rommet då vi såg på skjermen at satelitten viste livsteikn. Dette er fyrste gong norske studentar har sendt opp noko som fungerer, seier Falk-Petersen.

Her har studentene samlet seg rundt skjermen for å se signalene fra satellitten sin.

Her har studentane samla seg rundt skjermen for å sjå signala frå satelitten.

Foto: Orbit NTNU

Dei siste dagane har dei brukt på å analysere data og starte resten av systemet på satelitten, slik at det i framtida skal vere mogleg å få sende «romselfiar».

Det skjer ved at ein ekstern LCD-skjerm syner bilete sendt inn av publikum.

Vidare tek eit kamera montert på ein utfoldbar selfiestick bilete av skjermen med jorda i bakgrunnen.

– Å sjå Selfiesat i bane og operasjonell er ein draum som går i oppfylling. Eg er stolt over kva vi har fått til saman, og gler meg til å sjå fortsetjinga av det norske romeventyret, seier prosjektleiar Andreas Westre i ei pressemelding.

Les også NTNU-studenter lager satellitt som tar selfie fra verdensrommet

Andreas Westre og Torbjørn Brattvold ved NTNU

Målet med prosjektet er å inspirere og bringe verdsrommet litt nærare, og dessutan vise kor tilgjengeleg verdsrommet har vorte for folk flest.

Posisjonen til SelfieSat da studentene fikk kontakt med den.

Biletet viser posisjonen til SelfieSat då studentane fekk kontakt med han. Den endelege banen til satelitten er ein låg jordbane i området 530–558 km.

Foto: Orbit NTNU

– Ein milepæl

Selfiesat er knytt til studentane sin eigen bakkestasjon – eit radiotårn ved kontoret på NTNU i Trondheim.

Herifrå skal studentane sende og få «romselfies», statusoppdateringar og sensordata med jamne mellomrom. Og eit spesialtrena operasjonsteam vil handtere alle kommandoar og oppgåver til satelitten.

Les også Om to år kan det være mulig å ta selfie fra verdensrommet

Foto: Orbit NTNU

– NTNU-studentar har no direkte kontakt med verdsrommet, seier Toril A. Nagelhus Hernes, prorektor for nyskaping, via NTNU sine nettsider.

Ho beskriv dette som ein milepæl både for universitetet og studentane.

– Det er fyrste gong ein norsk studentorganisasjon har klart dette heilt på eiga hand. Eg er stolt og glad på vegne av dei dyktige studentane våre som viser kva som er mogleg gjennom kompetanse, kunnskap og godt teamarbeid.

Fleire prosjekt

No jobbar studentorganisasjonen mot oppskytinga av satelitten FRAMSat-1, som etter planen skal skytast opp frå norsk jord i 2023.

Satelitten nyttar seg av mykje teknologi og lærdom frå Selfiesat, og skal bli den fyrste oppskytinga til bane frå europeisk jord.

Men dei er også i gang med eit anna prosjekt – å sende ein plante til verdsrommet.

– Vi hadde avstemming, og fann ut at dette var ein morosam måte å utfordre oss sjølv på, smiler Ulrik Falk-Petersen.