
Beate Dahl Eide
Beate Dahl Eide rykker opp fordi 1. kandidaten for Senterpartiet Hallgeir Grøntvedt blir ordførar i Ørland. Grøntvedt har stor tru på sin unge partikollega:
- Ho er 22 år og har store ambisjonar innan politikken, så viss vi får henne som fylkesvaraordførar får vi ein veldig god politikar, seier Grøntvedt.
Lyst på vervet
Drøftingane starta fredag morgon, men det endelege resultat blir neppe klart før i løpet av helga. Beate Dahl Eide er klar for oppgåva dersom sjansen byr seg:
- Eg tek dei oppdraga som drøftingane gir partiet, og eg synest det hadde vore veldig spennande og interessant dersom eg hadde fått lov til å bli fylkesvaraordførar.
Hadde du trudd dette då du stilte som ungdomskandidat for Senterpartiet?
- Nei, det var aldri i mine tankar den gongen, seier Eide.
Kva kan du medverke med frå varaordførarstolen?
- Eg er ung og ikkje sett i systemet, så eg kan komme med mange nye tankar og impulsar og kanskje friske opp den eldre garden som sit der litt, seier Eide.