Hopp til innhold

Striptease ikkje eit argument mot skjenkeløyve: Trondheim kommune tapte mot nattklubb

Det raudgrøne fleirtalet i Trondheim meinte topplause kvinner og alkoholservering ikkje høyrde i hop. Derfor fekk ikkje nattklubben Dreams showbar fornya skjenkeløyvet sitt.

Dreams showbar

DREAMS SHOWBAR: Har vore i Trondheim sidan 2002. Dette biletet er frå ein NRK-reportasje i 2006.

Foto: NRK

Eigaren av nattklubben, Erma AS, har no fått medhald i retten i at vedtaket frå i fjor var ugyldig.

Belastande med alkohol og stripping i lag, meinte kommunen

Dreams showbar er den einaste strippeklubben i Trondheim. Den opna i 2002 og skal aldri ha fått merknader for brot på alkohollova.

I fjor vedtok fleirtalet i bystyret at strippeklubbar ikkje skulle få skjenke alkohol.

I vedtaket stod det mellom anna:

«Konsepter som kopler denne type underholdning med alkoholsalg, kan virke belastende eller skadelig på andre næringsdrivende i området og i kommunen for øvrig, og på nærmiljøet rundt skjenkestedet da et slikt konsept er uforenlig med den profil og omdømme Trondheim kommune ønsker å profilere seg med som en attraktiv by i vekst, turistby og i næringspolitikken.»

Bystyret i Trondheim torsdag 6. september

NEI TIL STRIPPING OG ØL: Fleirtalet i bystyret vedtok å ikkje fornye skjenkeløyvet til nattklubben.

Foto: Øivind Haugen / NRK


Trøndelag tingrett meiner dette ikkje er alkoholpolitiske argument:

«Hensyn det er henvist til her ikke knytter seg til lovens formål om å begrense skadevirkninger av alkohol, men generelt til anførte ulemper ved stripping», står det i domen.

Trondheim kommune har heller ikkje undersøkt om nabolaget til nattklubben har negative røynsler med plasseringa.

Artistane har ikkje provisjon av salet

Stripparane på Dreams har ikkje provisjon av alkoholsalet, slik tilfellet er ved enkelte andre nattklubbar. Dei serverer heller ikkje alkohol eller påverkar kva og kor mykje gjestene skal drikke, peikar retten på.

Eit av argumenta frå dei raudgrøne i bystyret var at personar kunne bli utnytta og trakasserte.

Både Trøndelag politidistrikt og Næringsforeninga i Trondheim meinte at så lenge stripping er lovleg må verksemder som driv med det behandlast likt med andre skjenkestader.

Næringsforeininga viste til at det er Arbeidstilsynet som skal kontrollere at folk får minsteløn, ikkje skjenkekontrollen.

Men Trondheim kommune fekk støtte av Statsforvalteren:

Omsynet til barn og unge, lokalmiljøet, likestilling og utnytting av sårbare personar var alle argument som Statsforvalteren var samd i.

Vedtaket frå Statsforvalteren kom i januar i år. Ein månad etter stemna Erma AS kommunen for retten.

Uvisst om kommunen ankar

Dagleg leiar Atle Maaø er svært glad for domen i tingretten:

– Dette viser at å bruke skjenkepolitikken og alkoholloven, som skal redusere skadevirkningen av alkoholbruk, til å forsøke å forby lovleg virksomhet gjennom å ikke gi skjenkebevilling, ikke står seg juridisk, skriv han i ein epost til NRK.

Når Dreams kan opne att er framleis uvisst. Det same er om Trondheim kommune ankar domen til lagmannsretten. Dersom ei anke kjem, kan lagmannsretten også avvise å behandle den.

Trondheim kommune må også betale sakskostnader på 400.000 kroner til eigarselskapet Erma AS.