Strengare koronatiltak i moskear

Over 80 personar er i karantene etter det blei oppdaga koronasmitte hos ein som har besøkt ein moské i Trondheim. Dei manglar lister over kven som var til stades under fredagsbønna 11. september, melder Adresseavisen. Høgrepolitikar Ismail Muhyadin ber no om strengare koronatiltak i alle moskear i Trondheim.