Hopp til innhold

Kjem seg ikkje til skulen på grunn av streiken

Streiken fører ikkje berre til mangel på mineralvatn og tomme ølkraner. I Trøndelag har ni elevar plutseleg mista høvet til å komme seg på skulen.

Lærer Turid Angelo sammen med Ludvik Bråteng Aakvik (5. trinn)

PÅ STREIKESKULEN: På plass i «nye» lokale jobbar Ludvik Bråteng Aakvik (5. trinn) og dei andre elevane med eigne opplegg. Lærar Turid Angelo hjelper til med hjelp.

Foto: Tim Mattis Kunstler

– Det er mogleg med omkøyring, men det ville teke 2 timar og 30 minutt kvar veg. Det tenkjer vi at vi ikkje kan utsetje elevane våre for.

Det seier rektor ved Kolvereid skule, Unni Berit Finne.

Måndag morgon vart 25.000 medlemmer av Landsorganisasjonen (LO) og Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS) teke ut i streik. Det har også gått ut over ferjetilbodet i landet.

For når alternativet for elevane ville vorte 25 timar reise til og frå skulen i løpet av veka, var «streikeskulen» på Salsbruket i Nærøysund kommune eit faktum.

Det er eit tidlegare eldresenter og no forsamlingshus.

Les også Brudd i meklingen - storstreik fra mandag morgen

Lønnsoppgjøret

Elevar frå 2. til 9. trinn

Det er ni elevar som til vanleg reiser frå Salsbruket til Kolvereid for å gå på skulen. Fem elevar har ordna seg med andre løysingar, eigen båtskyss eller buplass i nærleiken av Kolvereid.

For fire av elevane var «streikeskulen» på Salsbruket eit fullgodt alternativ.

For å komme seg frå Salsbruket til Kolvereid må du ta ferje.

På skulen går det elevar i 2. til 9. klasse.

– Elevane synest at det er veldig greitt. No kan dei gå til skulen, i tillegg til at dei kjem heim tidlegare, seier lærar Turid Angelo.

– Korleis er det å undervise elevar på fire ulike trinn?

– Det går greitt. Kolvereid er ein «iPad-skule». Elevane får eit eige opplegg frå skulen og oppgåva mi blir å hjelpe dei undervegs.

Elevene Linnea Bråteng Aakvik (2. trinn), Ludvik Bråteng Aakvik (5 trinn.) og Tim Mattis Kunstler (4. trinn).

Alternativt måtte Linnea Bråteng Aakvik (2. trinn), Ludvik Bråteng Aakvik (5. trinn) og Tim Mattis Kunstler (4. trinn) ha brukt 5 timar til og frå skulen kvar dag.

Foto: Turid Angelo

Førebudd på streik

«Streikeskulen» var på plass allereie dagen etter at streiken braut ut.

– Vi visste at det kunne bli streik, så vi hadde allereie diskutert denne løysinga, seier Angelo.

Det var søndag ettermiddag det vart brot i meklinga mellom partane i lønnsoppgjeret, som førte til at medlemmer vart teke ut i streik frå måndag morgon.

– LO kravde auka kjøpekraft for medlemmene sine og eit løft for dei lågtlønte. NHO har valt å avvise krava våre, og sender dermed landet ut i streik, sa LO-leiar Peggy Hessen Følsvik til NRK søndag.

Ludvik Bråteng Aakvik (5 trinn.) og Tim Mattis Kunstler (4. trinn).

Sjølv om dei er på streikeskulen er lek og ballspel ein viktig del av friminutta.

Foto: Turid Angelo

Rektor Finne fortel at dei allereie fredagen i førevegen hadde lagt ein slagplan for om partane i streiken ikkje skulle bli samde.

Heimeskule måndag og på plass i lokala tysdag.

Les også Ingeborg og Nora har betalt for mye for bussen i nesten ett og et halvt år

Bussbillett Nora Sivertsen Schildkamp og Ingeborg Vikheim.

Håpar på snarleg løysing

Rektor Finne seier at dei håpar elevane kjem tilbake så fort som mogleg, men at «streikeskulen» vart ei god løysing når situasjonen vart som han vart.

Det synest også Turid Angelo.

– Det beste for dei er å vere på skulen. Det går greitt denne veka her og neste veke, men det kan jo bli litt vanskeleg i lengda for alle.

Har du nokre spørsmål om streiken? Ekspertane svarer på spørsmåla dine:

Les også Ekspertene svarer på dine spørsmål om streiken

EKSPERTPANELET