I dag stilte dei seks tilsette til nytt møte med bedriftsleiinga for første gong etter at streiken starta. Bedriftseigar Arve Austli hadde tatt initiativet, men ville ikkje seie noe om bakgrunnen før møtet tok til.
Gufs frå fortida
Dei tilsette er organisert i Prifo, og forhandlingsleiar Lars Petter Larsen har opplevd situasjonen i Steinkjer som eit gufs frå fortida.
Men i dag kom tillitsvald Hilde Aasenhus glad og fornøgd ut av møterommet: Sjefen hadde gitt seg, dei tilsette vann, og fikk igjennom kravet om tariffavtale.
Godt samarbeid
I ei felles pressemelding seier partane at forhandlingane gir grunnlag for eit godt framtidig samarbeid ved bedrifta.