Hopp til innhold

Straumprisane vil halde seg låge

Det er lite vatn i magasina i Midt-Noreg. Men kraftselskapa trur det vil kome meir regn til hausten.

Kraftkrise kan føre til skyhøye strømpriser

VIL IKKJE AUKE: Trass tørr vinter og varm sommar vil me ikkje få dyrare straum.

Foto: Terje Bendiksby / Scanpix

– Me har hatt ein tørr vinter og vår, og no ein god og varm sommar. Dermed er vasstanden lågare i magasina enn normalt på denne årstida.

Det seier Tore Wuttudal, kommunikasjonsrådgjevar i Trønderenergi.

Lite vatn betyr mindre produksjon av straum og dermed lågare inntening for kraftselskapa.

Folk sparar pengar i varmen

Kraftforbruket gjekk ned i landet for tredje veke på rad, så den varme sommaren gjer at folk sparar pengar på straum.

Dei same tala viser òg at vasstanden i magasina i Midt- og Nord-Norge er dei lågaste i landet.

Wuttudal har likevel tru på at regnet kjem til hausten, og at straumprisane vil halde seg låge.

– Veret er hovudfaktoren i straumprisar, men statistisk sett vil det kome nedbør etter slike tørre periodar.

(artikkelen held fram under biletet)

SOMMERREGN

MEIR I VENTE: Kraftselskapa håpar og trur på ein regnfull haust.

Foto: KVALE, JENS O / SCANPIX

Etter sola kjem regnet

Energidirektøren i Nord-Trøndelag elektrisitetsverk, Kenneth Brandsås, trur òg at regnet kjem. Han synest ikkje me skal ta sorgene på forskot.

– No skal me gleder oss over sol og varme, og så er eg sikker på at nedbøren kjem til hausten.

Dersom det er tørt i byrjinga av året, blir det ofte store mengder nedbør til hausten, seier han.

– Eg trur me skal vere rolege, avslappa og avventande.