Hopp til innhold

Smitteutbrot i hockeymiljø: Kommunen ber idretten begrense reising

Tolv personar i hockeymiljøet i Trondheim har testa positivt på koronaviruset. – Å spele kampar ulike stadar i landet gir ein auka risiko, seier kommuneoverlegen.

Nidaros Hockey mot Comet Halden

UTSET KAMPAR: Nidaros Hockey har avlyst dei fire neste kampane på grunn av koronasmitte på laget. Biletet er teke ved eit tidligare høve.

Foto: Morten Andersen / NRK

Ti av dei smitta spelarane tilhøyrer Nidaros hockey sitt elitelag. Også ein spelar på juniorlaget i same klubb er smitta. Den siste personen er tilknytt Leangen hockey.

Søndag gjekk Trondheim kommune ut med ei oppfordring om at alle som har vore på Leangen arena den siste veka bør teste seg.

Fleire personar med påvist smitte har trent eit lag i Dalgård ishall. Derfor er denne ishallen også stengt.

Det betyr at alle dei tre ishallane i Trondheim er stengde. Kommunen opplyser i ei pressemelding at hallane i første omgang vil vere stengde fram til 22. november.

Leangen Arena

MÅ TRENE UTE: Alle ishallane i Trondheim er stengde etter at 12 personar i ishockeymiljøet har fått påvist koronasmitte. No må utøvarane trene ute.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Ber ishockeyforbundet revurdere reising

Kommuneoverlege i Trondheim kommune, Tove Røsstad, kategoriserer smitteutbrotet som middels alvorleg.

– Det er alvorleg nok til å kunne spreie seg til ganske mange i eit miljø. Dei har trent i Leangen ishall, som er eit stort og komplekst bygg med mange felles berøringspunkt.

I ishockey er det seriespel med reising rundt om i landet for alle lag med utøvarar frå 13 år og oppover. Dette har halde fram sjølv om det har vore smitteutbrot enkelte stadar i landet.

Røsstad er skeptisk til denne reisinga.

– Vi skal nok vere obs på at det å reise rundt å spele kampar ulike stadar i landet gir ein auka risiko. Eg tenkjer at idretten må sjå på retningslinjene igjen, og revurdere desse. Smittenivået er annleis no, påpeikar ho.

Ho opplyser at alle berøringsflatene i dei stengde ishockeyhallane no blir vaska grundig.

Kommuneoverlege Tove Røsstad, Trondheim

SKEPTISK TIL REISING: Kommuneoverlege i Trondheim, Tove Røsstad, meiner ishockeylaga bør reise mindre.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

Nesten 2000 utøvarar får ikkje bruke ishallane

1700-1800 utøvarar trener vanlegvis i ishallane som no er stengde.

Totalt ni hockeylag er i karantene. Hardast ramma er Nidaros hockey.

Medieansvarleg i Nidaros hockey, Daniel Andersen, fortel at 33 personar i deira klubb er sett i karantene.

– Det er ikkje heldig. Slik situasjonen er i Norge og verda no, skal det lite til for at det skjer.

Han opplyser at klubben har følgt alle forholdsreglar frå ishockeyforbundet og kommunen.

– Alle spelarane blir registrerte i hallen kvar dag. Det er umogleg å halde ein meter mellom kvarandre i garderoben, men vi har gjort så godt vi kan, seier han.

I Leangen hockey er éin person smitta og éin i karantene. Fleire er i sjølvpålagt karantene.

Leangen idrettspark

STRENGE RUTINER: – Vi vaskar garderobane før og etter trening, og jobbar med at det skal vere færrast mogleg kontaktpunkt, seier medieansvarleg Daniel Andersen i Nidaros hockey.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Det er utruleg kjedeleg. Det er fleire hundre ungar som er råka av dette, seier Daniel Kvisten, leiar i Leangen hockey.

Han er tydeleg på at dei har teke alle forholdsreglar for å forsøke å hindre smitte.

– Vi vaskar garderobane før og etter trening, og jobbar med at det skal vere færrast mogleg kontaktpunkt. Vi har gjort det vi kan.

Kvisten meiner ulempa med idretten er at dei er avhengige av å reise.

Men no har klubben sett ned foten. Han opplyser at hockeyspelarane som deltek i nasjonal serie ikkje lenger skal reise til andre landsdelar, og dei har heller ingen lag som er påmelde cupar.

– Det verste som kan skje er at ingen får utøve idrett

– Vi må sjølvsagt ta smittetilfella på største alvor. Vi er veldig sårbare. Det er mange utøvarar som nyttar hallane i Trondheim dagleg, seier Espen Refseth, styreleiar i Norges ishockeyforbund Midt-Norge.

Han meiner dei hatt gode rutinar på smittevern heile hausten.

– Utøvarane lever som ein kohort. Sjølv om ein tek forholdsreglar, er det ingen som kan verne seg 100 prosent mot sjukdommen. Sjansen er stor for at det spreier seg i gruppa dersom nokon blir smitta.

Sjølv om smittesituasjonen har vore stigande utover hausten, meiner likevel Refseth at ishockeyklubbane bør halde fram med seriespel.

– Vi vil prøve å oppretthalde aktivitet så langt det lar seg gjere. Det verste som kan skje er at ingen får lov til å utøve idrett. Det får større følger for norsk ungdom, meiner han.

Espen Refseth, styreleiar i Norges ishockeyforbund Midt-Norge

VIL IKKJE DROPPE SERIESPEL: Espen Refseth, styreleiar i Norges ishockeyforbund Midt-Norge, meiner ishockeymiljøet bør oppretthalde aktiviteten.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Tidlegare i november var kvinnelandslaget i ishockey i Sverige for å spele kampar mot Danmark og Sverige. Ishockeyforbundet hadde ein landslagspause der dei avlyste alle andre landslagskampar. 75 prosent av dei norske spelarane på kvinnelandslaget bur og spelar i Sverige, så dei valde å gjennomføre denne samlinga.

Refseth er tydeleg på at dei vil skjerpe rutinane etter det seinaste smitteutbrotet i Trondheim.

– Det er litt stussleg akkurat no når det er stengt overalt. Vi må prøve å få i gang aktiviteten igjen så fort som mogleg. No er alle veldig klar over konsekvensane, fastslår han.