Hopp til innhold

Storåsfestivalen ein suksess

Rundt 24 000 personar deltok på Storåsfestivalen i Meldal i helga.

Storåsfestivalen
Foto: Maria Rivedal / NRK

Det blei selt rundt 6 000 tredagarspass og rundt tusen dagspass kvar dag til den tredagar lange festivalen på Storås i Meldal.

- I tillegg har vi hatt mange spesielt inviterte gjester, stab, artistar og funksjonærar. Til saman reknar vi med at 24 000 personar har vore på Storåsfestivalen i helga, seier festivalsjef Per Trondsaune til NRK Trøndelag.

Godt besøkte Olsokdagar

Olsokdagane på Stiklestad kan også skilte med gode besøkstal. 54 000 personar har besøkt festivalen, der Spelet om Heilag Olav har trekt flest folk med 21 000 besøkande.

Ifølgje Adresseavisen er dette dei nest best besøkte Olsokdagane.

- Vi er sjølvsagt svært godt nøgd med at så mange har deltatt på eit eller anna under Olsokdagane. Det har syda av folk heile veka, seier direktør Turid Hofstad, ved Stiklestad Nasjonale Kultursenter, til avisa.

Fullt på Cullum-konsert

Rundt 2 000 trønderar fann vegen til Borggården i Trondheim for å høyre på den britiske jazzmusikaren Jamie Cullum laurdag kveld.

Cullum er både songar, pianist og komponist. Han blandar jazz, pop og litt rock på sin eigen spesielle måte.

Folk har også strøyma til Middelaldermarknaden i Borggården i helga.

 

Middelaldermarked Trondheim, Olavsfestdagene 2006.
Foto: Kristin Agerlie / NRK