Hopp til innhold

Stor pågang for vaksine

Det er stor pågang av folk som vil vaksinere seg mot svineinfluensa på legekontora i Trondheim.

Svineinfluensavaksine
Foto: Morten Andersen / NRK

Mandag morgon starta legar i Trondheim å vaksinere folk som er i risikogruppa for å bli alvorleg sjuk av svineinfluensaen.

– Nokon som kjem hit er engstelege og blir frustrert fordi dei må vente, spesielt fordi datoen for når kommunen skal starte massevaksinering ikkje er klar. Så vidt eg forstår, blir det ikkje før etter 16. november, seier Sylvi Torvund, som er lege ved Nardosletta legekontor, til NRK Trøndelag.

Ekstra møblar

Ho opplevde i morgontimane eit rush av pasientar som ville vaksinere seg mot svineinfluensaen.

Så mange kom, at det måtte berast inn ekstra plaststolar for at alle skulle få sitte på legekontoret.

– Vi bruker rundt fem minutt på sjølve vaksinen, men alle må sitte her 20-30 minutt etterpå. Så det er masse folk som sit og ventar, for viss dei reagerer på vaksinen skal det skje hos oss og ikkje heime, seier Torvund.

Manglar oversikt

Fleire legekontor i Trondheim manglar oversikt over kven som er i risikogruppa for å få svineinfluensaen.

- Det er uheldig. Då er vi ikkje sikre på at ein prioriterer godt nok i den situasjonen vi er oppe i no, seier kommuneoverlege Helge Garåsen til NRK Trøndelag.