Hopp til innhold

Stoppa personbil stappfull av øl, sprit og sigarettar

– Det er nok ikkje muleg å få pakka inn meir i ein personbil, seier tollarane i Vauldalen. Tirsdag morgon fann dei 1176 liter øl, 76,5 liter brennevin og 20.000 sigarettar i ein personbil som dei stoppa.

Tollbeslag i Vauldalen

Personbilen som kom over grensa via Funäsdalen var fullpakka av øl, sprit og sigarettar.

Foto: Tollvesenet

Det var ein vanleg tollkontroll på fylkesveg 31 i Vauldalen, rett ved grensa mot Sverige. Men rett før klokka 07 stoppa tollarane ein personbil med skilt som viste seg å vere falske.

Og bilen var rett og slett stappfull av smuglarvarar.

– For å seie det sånn; det var umuleg å skjule varene. Så mykje øl luktar med ein gong, seier Unni Elisabeth Tronsmed, kontorsjef ved Vauldalen tollsted i Sør-Trøndelag.

Delar av inventaret var fjerna for å gi plass til heile lasten. Tollarane trur òg at bilen er utstyrt med forsterka fjæring. Bilen er no beslaglagt, og skal undersøkast nærmare.

Føraren av bilen var av utanlandsk opphav, og han vart overlevert til politiet på Røros. Forholdet blir anmeldt til politiet, som skal ta saka vidare.

– Han var ganske roleg da vi stoppa han og kontrollerte bilen. Dei som smuglar, veit jo at det er ein risiko knytt til det dei gjer, seier Tronsmed.

Adressa skriv at dette er det første store tollbeslaget som er gjort så langt i 2015.