NRK Meny
Normal

Stopp for Ellinor!

NRKs onkel reisande Mac, Ellinor Hansen, treng di hjelp i sommar. I tre veker skal ho haike, overnatte og overleve i Trøndelag for 50 kroner dagen.  

Ellinor Hansen
Foto: Ole Petter Klepp / NRK

Mandag 2. juli legg 24 år gamle Ellinor Hansen ut på ei tre veker lang reise gjennom Trøndelag. Ho startar i Rørvik og vandrar nedover kysten.

Målet er å overleve for 50 kroner dagen, men det betyr at ho treng di hjelp undervegs.  

 - Eg treng hjelp til å komme meg fram. Sidan eg berre skal leve for 50 kroner dagen, kunne det vere greit med ein liten matbit også, seier Ellinor.

Vil oppleve Trøndelag

Ellinor kjem eigentleg frå Sørumsand i Akershus, men har jobba i NRK Trøndelag dei to siste åra. I løpet av dei tre vekene på loffen, håper ho å få oppleve sommar-Trøndelag på sitt beste. Turen går mellom anna til Høylandet, Fosen, Røros og Støren.

- Eg eg med på det meste frå jordbærplukking til campingliv og kanskje til og med ein dukkert. I tillegg vil eg gjerne smake på dei trønderske delikatessane eg har høyrd så mykje om, smiler Ellinor. 

Satser på velvilje 

Trøndere er kjent for å vere opne og gjestfrie og det håper Ellinor ho får nyte godt av. Med på reisa har ho telt og sovepose og overnattar godt på ein hageflekk.

- Om sommaren har vi litt betre tid, så kanskje folk har tid til å plukke meg opp og vise meg heimbygda og huset sitt. Eg treng inga seng, men har du ein dusj og eit gjesterom seier eg ikkje nei takk, seier Ellinor.

Eigen reiseblogg

Turen skal munne ut i fleire reiseskildringar på radioen. I tillegg skal Ellinor skrive ein eigen reiseblogg på NRK Trøndelag sine sider. Her blir det også fortløpande lagt ut bilder frå turen.  

- Skjer det noko spennande i din kommune, mens eg er på vandring der må du tipse meg, seier Ellinor. 

Før ho legg ut på tur, kan du nå henne på mail: Send mail til Ellinor:

Ellinor Hansen

Ellinor håper på di hjelp.

Foto: Kristin Agerlie / NRK

Video fra Trøndelag

Om få uker er en ny film som dokumenterer 100 Rosenborg -år klar
Fjellklatreren Adam Ondras suksess i Hanshelleren har gitt Flatanger omtale langt utenfor Norges grenser.
Sverre Magnus Selbach fikk oppfylt fiskedrømmen da han fikk en 1,8 meter lang svartskate på kroken i Trondheimsfjorden.