Meiner dei taper millionar på skroting av statleg finansiert eldreomsorg

Ap- og Sp-ordførarar er sjokkerte og frustrerte etter eldreomsorgskutt.

Ordførar i Stjørdal kommune Ivar Vigdenes.

RASANDE: Ordførar i Stjørdal kommune, Ivar Vigdenes, er ikkje fornøgd med si eiga regjering. Han seier han er rasande.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

– Det er uanstendig av staten å opptre slik, seier ordførar i Stjørdal, Ivar Vigdenes (Sp).

Ordføraren i Bjørnafjorden i Vestland, Trine Lindborg (Ap) er og svært misfornøgd med at regjeringa skrotar prøveprosjektet med statleg finansiert eldreomsorg.

– For oss er dette katastrofalt. Vi visste at dette kom, men ikkje at det kom så raskt, og samstundes som vi allereie har økonomiske utfordringar, som følgje av ein underfinansiert kommunereform, seier ho.

Ordførarane fortel at dei vil tape mange millionar på at prøveprosjektet blir stoppa.

– Stjørdal kommune tapar 60 millionar på dette. Det kjem til å bli innsparingar, seier Vigdenes.

– Vi må kutte 150 millionar. Vi hadde ein nedtrappingsplan på prøveprosjektet. Men dette kom som eit sjokk, seier Lindborg.

Fosslia omsorgssenter.

ELDREOMSORG: Fosslia omsorgssenter i Stjørdal er delvis finansiert gjennom ordninga statleg finansiert eldreomsorg, som både den avgåtte – og den nye regjeringa ønskjer å skrote.

Foto: Stjørdal kommune

Sju kommunar kravde krisemøte

Siste kapittel i soga om Frp sitt omstridde politiske hjartebarn starta i oktober.

Då sa Solberg-regjeringa at dei ønska å kutte prøveprosjektet med statleg finansiert eldreomsorg frå statsbudsjettet frå nyttår.

Prosjektet skulle eigentleg halde fram for fullt ut 2022, før det gradvis skulle bli nedtappa.

Kuttet fekk elleve kommunar, derav sju med Ap- eller Sp-ordførar, til å krevje eit krisemøte med helseminister Ingvild Kjerkol (Ap).

Men forslaget frå Solberg-regjeringa vart ikkje reversert.

Gjev milliardar til kommunane

Etter møtet med kommunane la Ap-Sp-regjeringa til eit forslag i statsbudsjettet om å utvide tidsfristen for å bruke ubrukte tilskotsmiddel med eitt år.

Det fortel helseminister og omsorgsminister Ingvild Kjerkol si «høgre hand», statssekretær Karl Kristian Bekeng. Han understrekar at dei elleve ikkje vil gå for lut og kaldt vatn dei neste åra.

– Dei vil få 60 prosent av inntektspåslaget i 2022, og 40 prosent i 2023, som ei nedtrappingsordning.

I tillegg foreslår dei å gje 2,5 milliardar kroner meir i frie midlar til kommunane enn Solberg-regjeringa foreslo.

– Framfor å satse på eit smalt prestisjeprosjekt vil vi heller styrke eldreomsorga i alle landets kommunar, seier Bekeng.

– Bryt tillitsforholdet

– Måten dette blir gjort på er stygg. Dette bryt tillitsforholdet mellom stat og kommune, seier Stjørdal-ordføraren.

Han meiner vedtaket kan føre til at kommunar vegrar seg for å vere med i prøveprosjekt i framtida.

– Fordi skiftande stortingsfleirtal kan kaste prosjekta over natta og gje kommunane rekninga, seier han.

Derfor ber Vigdenes regjeringa halde fram med ordninga i eit halvt år lenger slik at dei får omstilt seg.

For Bjørnafjorden kjem budsjettkuttet på toppen av det som allereie såg ut til å bli eit utfordrande økonomisk år i 2022 som følgje av samanslåinga av kommunane Os og Fusa, fortel ordførar Lindborg.

– Det er heilt utruleg om det å delta i prøveforsøk med staten gjer at vi no risikerer å hamne på Robek-lista, seier ho.

Ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg.

SJOKKA: Ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg (Ap) er sjokka over statsbudsjettkuttet.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Prinsipielt imot statleg finansiering

Regjeringa meiner at statleg finansiering av eldreomsorga bryt med prinsippet om lokal sjølvråderett.

Det er ikkje i tråd med Ap- og Sp-regjeringa sin politikk, forklarar statssekretær Karl Kristian Bekeng.

Når staten overtar finansieringa av ein sektor blir kommunane fråteken moglegheita til sjølve å prioritere ressursane til sektorane der behovet er størst, og til å innrette eldreomsorga etter lokale forhold, seier han.

Fosslia omsorgssenter.

OMSTRIDD: Målet med forsøksordninga var å teste ut om statleg finansiering og statlege kriterium for tildeling av omsorgstenester ville gje auka likebehandling på tvers av kommunegrenser. Fosslia omsorgssenter i Stjørdal er delvis finansiert av statleg finansiert eldreomsorg.

Foto: Stjørdal kommune

– Ikkje berekraftig på sikt

På spørsmål om kommunane som deltar i prosjektet får rimeleg tid til å omstille seg etter kuttet, svarar statssekretæren at han forstår at avslutninga kan vere krevjande.

– Konsekvensane er størst for dei fire kommunane som har deltatt i finansieringsmodellen sidan 2016.

Statssekretæren peikar på at prøveprosjektet opphavleg skulle ha blitt avslutta i 2019.

– Vi kan ikkje sjå at denne måten å finansiere omsorgstenester på vil vere berekraftig på sikt.

Siste fra Trøndelag