Stjernespel på Trøndelag Teater

Ei kraftmønstring frå Øyvind Brandtzæg på Trøndelag Teater. Fuglane av Tarjei Vesaas har fått styrke nok til å nå skyhøgt både i regi, framføring og innhald.

Helga Wendelborg (Kona), Jan Erik Berntsen (Mannen), Øyvind Brandtzæg (Mattis), Olve Løseth (Guten) og Janne Heltberg Haarseth (Jenta)

Fuglane av Tarjei Vesaas på Trøndelag Teater står fjellstøtt.

Foto: GT Nergaard
Øyvind Brandtzæg (Mattis) og Marianne Meløy (Hege)

Øyvind Brandtzæg (Mattis) og Marianne Meløy (Hege)

Foto: GT Nergaard
Siri Schnell Juvik (Anna), Øyvind Brandtzæg (Mattis) og Cici Henriksen (Inger)

Siri Schnell Juvik (Anna), Øyvind Brandtzæg (Mattis) og Cici Henriksen (Inger)

Foto: GT Nergaard
Øyvind Brandtzæg (Mattis)

Øyvind Brandtzæg (Mattis)

Foto: GT Nergaard
Øyvind Brandtzæg (Mattis)

Øyvind Brandtzæg (Mattis)

Foto: GT Nergaard
Øyvind Brandtzæg (Mattis)

Øyvind Brandtzæg (Mattis)

Foto: GT Nergaard
Øyvind Brandtzæg (Mattis), Marianne Meløy (Hege) og Kristofer Hivju (Jørgen)

Øyvind Brandtzæg (Mattis), Marianne Meløy (Hege) og Kristofer Hivju (Jørgen)

Foto: GT Nergaard
Øyvind Brandtzæg (Mattis)

Øyvind Brandtzæg (Mattis)

Foto: GT Nergaard
Foran: Øyvind Brandtzæg (Mattis). Bak: Helga Wendelborg (Kona), Olve Løseth (Guten), Cici Henriksen (Inger), Siri Schnell Juvik (Anna), Jan Erik Berntsen (Mannen) og Janne Heltberg Haarseth (Jenta)

Foran: Øyvind Brandtzæg (Mattis). Bak: Helga Wendelborg (Kona), Olve Løseth (Guten), Cici Henriksen (Inger), Siri Schnell Juvik (Anna), Jan Erik Berntsen (Mannen) og Janne Heltberg Haarseth (Jenta)

Foto: GT Nergaard

Mattis eller tusten, som bydefolket seier, tek imot oss frå scenekanten. Han i si verd, vi i vår. Vi skjøner kva han seier, men ikkje kva han meiner, ikkje kva han vil.

Meininga med livet

For oss tenkjer han på merkelege vis. Han lurer og spør, han er sjølve undringa, men ingen gjev han svar. Ingen har tid eller kan hende ressursar til det. Han rivast i bitar på traumatisk vis på leiting etter meininga med alt. Til sist slitast han mellom liv og død i angst. Naturen har sagt at nokon lyt døy.

Kvifor er alt som det er. Han må gripe tak, han må forstå, men makter det ikkje.

Storverk

Fuglane er ein av dei verkeleg store romanane frå Tarjei Vesaas si hand. Teksten er lyrisk, symbolbruken er tung. Tema er menneskeverd og ansvar for kvarandre.
Som teatertekst er det andre gong han speler seg ut på ein norsk scene.

Sist, i 1997 på Det Norske Teateret fekk stykket knusande gode kritikkar.

På Trøndelag Teater har dei satt saman stykket på finurleg vis. Gamle scene har ei einaste form gjennom heile stykket. Dei makter å gjere scenen til skog, jorder og vatn utan andre endringar enn videokunst, varsam og riktig. Dette og god koreografi og regi styrkar teksten og forteljinga.

Krevjande spel

Det er ikkje mykje handling å spele på her, korkje i romanen eller i teaterstykket. Mattis skal bere stykket på eigne skuldrer. Han er der i to timar utan avbrot, han skal gjennom dei fleste tenkelege sinnstemningar i seg sjølv, frå bunnlaust mismot til å vere stolt av seg sjølv når han seier noko skarpt.

Øyvind Brandtzæg ber det heile på eit mektig vis. Han har truverdege tonar i alt han seier. Kroppsspel, mimikk, ord og blikk er i flukt. Framføringa er ein meisterleg prestasjon.

Han grip oss

Han er verkeleg oppglødd når han møter jentene som ikkje veit kven han er. Dei som kan snakke til han og ta imot det han seier utan å henge på blylodd frå fortida, fordomar, og han veks slik at vi kan kjenne det på oss.

Han skvett til i angst på merkbart vis, han fangast av i fortviling slik at det søkk i oss, og vi ler når han syner at han ikkje tenkjer som oss. Det er håplaust, men kvifor? Kvifor?

Ei perle

Eg trur dette er i Vesaas si ånd i bøtter og spann. Denne oppsetninga flyg på egne venger kor det skal vere. At det skjer på innernamdalsk og nynorsk fungerer brillefint.

Fuglane av Tarjei Vesaas på Trøndelag Teater glitrar og skin og sjølve perla er Øyvind Brandtzæg.


Video fra Trøndelag

Black Friday var god gjødsel for kjøpelysten. Hyllene på post i butikk er fylt til randen. Dessuten kommer julegavene snart for fullt. Folk må hente - nå, er ropet fra butikkene.
Marihøna barnehage har trolig arrangert jul på låven for siste gang. Kampflystøy og konflikt om erstatning preger Ørland i adventstida.
Julestemning for store og små.