NRK Meny
Normal

Stjernepop frå jazzlinja

Mange av dei mest lovande aktørane i norsk pop har ein ting felles: Jazzlinja ved NTNU, skriv ballade.no. Jobbinga der med låtskriving og utfordinga om å bli meir enn ein kopi, er viktig.

Ine Hoem

Ine Hoem (28) tok jazz då ho studerte ved NTNU, men ho har i etterkant fokusert på popmusikk.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Det er til dømes Emilie Nicolas, The Fjords, Ine Hoem og Highasakite. Dei er noko av det mest spennande innanfor popmusikk i Noreg for tida, skriv ballade.no.

Nytt fag?

Dersom så mange gode låtskrivarar allereie kjem ut frå ei slik linje, er der då behov for eit konkret tilbod retta mot dette? Kva er det popartistane har lært i Trondheim?

Ballade har snakka med Ine Hoem og Petter Vågan frå The Fjords om behovet for eit låtskrivingsfag.

– Det som var fint med jazzlinja var at ein blei oppfordra til å starte band, til å øve og til å skape sine eigne prosjekt. Med det kom også låtskrivinga. seier Ine Hoem.

Utøvande

– Jazzlinja er jo først og fremst ei utøvande utdanning, med fokus på instrumentalferdigheiter, gehørsarbeid og teoriundervisning. Og først og fremst innanfor improvisert musikk.

Hoem legg og vekt på det intuitive i låtskrivingsprosessen. Gjennom ein slik prosess kjem det dei har fått frå utdanninga godt med.

– Det å bruke øyra godt har eg med meg frå jazzlinja, fortel ho.

– Med så mykje avansert gehørstrening, så trur eg ein har meir overskot til å finne nye vegar slik at det ikkje blir heilt "streit". Det er framleis popmusikk, men det er ikkje dei mest "streite" klisjeane ein har valt.

Grunnleggande

Petter Vågan held fram den grunnleggande forståinga ein tek med seg frå jazzlinja.

– Ein bryt det ned i rytmikk, bass og akkordar. Ein lærer alle dei forskjellige funksjonane i populærmusikk og korleis musikk vi kjenner er bygd opp. Då veit ein korleis ein kan lage ei basslinje og akkordprogresjonar som funkar, forklarar han.

Ny arena

Men dei er båe klåre på at det hadde vore fint med eit låtskrivingsfag.

– Eg trur det kan vere mykje nytteverdi i å ha det. At ein får ein arena som er til for det. Kanskje det blir enklare for nokon å byrje med det då, seier Vågan

– Eg vil ikkje seie at ein burde hatt låtskriving som ein fast del av undervisninga i Trondheim, men eg ville hatt det som eit valfag på same måte som det har vore ved Musikkhøgskolen, seier Hoem.

Ine Hoem og Pelbo øver (i et opptak fra 2009).

Sjå Ine Hoem synge med Pelbo.

Video fra Trøndelag

Se vår "timelapse" av juliværet i Trøndelag
Promo folkemøte fra Kimen på Stjørdal