Hopp til innhold

Stjernedryss over heile landet

Det er duka for årets finaste meteorsverm på himmelen over heile landet i kveld.

Meteorsvermen Leonidene

Meteorsvermen Leonidene som var muleg å sjå i november. Biletet er frå eit tidlegare år.

Foto: Arne Danielsen / NRK

Det er meteorsvermen Geminidene som vil lyse opp himmelen på Luciakvelden.

Ifølgje astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard er det venta minst 140 stjerneskot i timen på det meste. Dette er rundt 2-3 i minuttet om du er på ein mørk stad og augene har vent seg til mørket.

– Ei rekkje meldingar om stjerneskot har alt komme inn, så dette ser veldig lovande ut, seier Ødegaard til NRK klokka 2200 søndag kveld.

Årsaka til meteorsvermen er støvkorn frå ein utdøydd komet, som kjem inn i atmosfæren med 160 000 km/t og brenn opp på grunn av luftmotstanden.

Stjerneskota frå Geminidene er årviss og treff alltid midt i desember.

Over heile landet

Om det blir klarver kan du sjå meteordryssa over heile landet og fråver av månelys gjer tilhøva ideelle. Ifølgje Knut Jørgen Røed Ødegaard er det lettast å observere fenomenet frå Austlandet og store deler av Nord-Noreg.

Dei siste åra har aktiviteten gradvis blitt større og aller flest stjerneskot er venta rundt klokka 0610 mandag morgon, 14. desember.

Blir det klarver der du er? Sjekk yr.no

(Artikkelen held fram under bildet)

Geminidene over New York 12. desember 2009

Slik såg Geminidene ut over New York i går.

Foto: Stan Honda / Scanpix/AFP

Mange skuffa sist

17. november var det varsla eit fyrverkeri av meteorar i samband med meteorsvermen Leonidene, men det slo ikkje heilt til.

Fleire stader i Noreg var det overskya og dei stadene det var klart ver, var det langt mellom høgdepunkta på himmelen.

Meteorsvermen blei oppdaga for snart 150 år sidan.

– Då den ble oppdaga i 1862 målte ein rundt 30 stjeneskot i timen. No ser vi 140 stjerneskot i timen, seier Ødegaard til Dagbladet .

Håpar på klarver

På eit mørkt jorde på Dragvoll utanfor Trondheim skal ein gjeng frå Trondheim Astronomiske Forening kikke på stjernehimmelen.

NRK vil sette eit videokamera opp mot kveldshimmelen og håpar å fange nokre av stjerneskota som er varsla.

Ifølgje Trondheim Astronomiske Forening vil det vere bra aktivitet kring klokka 2200.

– Vi har eit håp om at veret snur, seier leiar i Trondheim Astronimiske Forening, Birger Andersen, til NRK.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.