NRK Meny
Normal

Stipend til epilepsiforskar

Christian Samsonsen ved St. Olavs Hospital i Trondheim får eit prestisjetungt stipend for arbeidet sitt med epilepsi.

Christian Samsonsen
Foto: UCB

Stipendet er på 150 000 svenske kroner og blir delt ut på ein konferanse i København 8.-9. februar.

Nytt stipend

Det er UCB, eit leiande globalt legemiddelselskap innan biomedisin, som står bak stipendet.

- Epilepsiomsorgen har trong for auka ressursar og meir spesialistkompetanse, særleg innan kva som utløyser epileptiske anfall og korleis pasientane lever med tilstanden. Det er med stor glede vi gir Christian Samsonsen dette stipendet. Hans forsking vil sette sjukehusa i stand til å gi mennesker med epilepsi betre oppfølning, seier Helene Meinild, medisinsk rådgivar ved UCB Nordic.

Christian Samsonsen er den første norske forskaren som får stipendet.

Viktig forsking

Rundt 40 000 personar i Noreg har epilepsi og det er ein av dei vanlegaste kroniske nevrologiske diagnosane i landet.

Samsonsen sitt forskingsprosjekt skal spesielt fokusere på årsakene til at folk får epileptiske anfall. Det kan mellom anna vere søvnmagel, emosjonell stress, lysflimmer, alkoholinntak eller at pasienten har gløymt å ta medisinen sin.

- Stipendet gir oss mulegheit til å grundig undersøke kva faktorar som utløyser anfall. Betre kunnskap vil hjelpe legar og personar med epilepsi til å finne løysingar i kvardagen som kan minske frykten for anfall og auke livskvaliteten til pasientane, seier Christian Samsonsen.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
Terje Våg fra Snåsa. En av fem finalister til Årets Ildsjel.
F-35 flyr over Ørland hovedflystasjon