Hopp til innhold

Stenger Gamle Bybro for å reparere

Gamle Bybro i Trondheim blir delvis sperra mens brua blir reparert. Måndag begynte arbeidet med å sette opp byggegjerder på brua, og neste veke vil brua bli heilt stengt – men berre i nokre timar.

Gamle Bybro skal rehabiliteres

Gamle Bybro i Trondheim, også kjent som 'Lykkens portal' skal settast i stand. Arbeidet startar denne veka og vil halde fram i om lag tre månader.

Foto: Elisabeth Aas / NRK

Reparering av Gamle Bybro

Arbeidet med å rehabilitere Gamle Bybro startar denne veka.

Foto: Elisabeth Aas / NRK

I 2012 vart Gamle Bybro inspisert, og i etterkant vart det utført vedlikehaldsarbeid. Under dette arbeidet vart det avdekt at trebrua var i dårleg stand.

Det var brot i tre av dei fire dragarane som held brua oppe, viste det seg i desember 2013.

No skal arbeidet med å rehabilitere brua starte, det skal skje neste veke.

– Delar av brua vil bli sperra mens dette arbeidet går føre seg, seier informasjonskonsulent i Trondheim bydrift, Merete Mauland.

I og med at tre av dei fire dragarane som ber tyngda av brua må utbetrast, må bærebjelker i stål settast opp for å avlaste brua. Når desse blir montert, blir brua stengt for all ferdsel,

– Dette skal skje i veke 50, seier Husein Ali, ingeniør i Trondheim bydrift. Han er no i ferd med å avklare framdriftsplanen med entreprenørane.

– Det blir stor aktivitet, med mykje vedlikehald i tillegg til å skifte bærebjelkene. Den største utfordringa blir å jekke opp brua for å få skifta bjelkene, og i samband med det blir brua heilt stengt, også for fotgjengarar og syklistar. Men det vil berre vare i nokre timar, seier Ali.

Arbeidet med å rehabilitere den sjarmerande trebrua over Nidelva vil truleg ta rundt tre månader.

2011: Gamle Bybro 150 år