Hopp til innhold

Stenger E6 for å minne trafikkofre

Trafikken på E6 ved Lundamo i Melhus blir stoppa eitt minutt på søndag for å minne trafikkofre.

Dødsulykke Frøya

12.juni 2009 blei føraren av dette vogntoget drepen på Frøya.

Foto: Petter Vidar Vågsvær

Landsforeningen for Trafikkskadde (LTN) skal tenne faklar og minnast dei som har døydd i trafikken det siste året, med eit minutts stille.

– LTN håper bilistane vil respektere all stopp av biltrafikk når vi skal minnast ofra som så tragisk har mista livet i trafikken, seier Kjersti Einan som er regionssekretær i Region Midt-Norge.

Sju drepne, sju lys

Ifølgje Trygg Trafikk har 177 personar mista livet i vegtrafikken dei første ti månadane i år. I same periode i fjor mista 227 personar livet på norske vegar.

I Sør-Trøndelag har sju personar mista livet det siste året. Desse blir søndag minna med sju brennande lys.

– Vi skal minnast dei sju som har omkome og alle dei som har blitt skadd på sørtrønderske vegar det siste året, seier Einan.

Verdsminnedagen

15. november er også FNs internasjonale verdsminnedag for trafikkofre. Arrangementet i Melhus er todelt og startar med ei minnegudsteneste i Horg kirke.

Etterpå vil trafikken på E6 stoppast av UP. Det skal tennast faklar, vere eitt minutts stille og tilslutt skal dei frammøtte synge "Deileg er jorda".

– Vi har ikkje lov til å gløyme at menneske på tragisk måte døyr og blir alvorleg skadd på vegane våre. Vi håper med dette at vårt årlege arrangement kan vere med på å motivere og engasjere til auka aktivitet rundt trafikktryggingsarbeid, seier Einan.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.