NRK Meny
Normal

Med fokus på eldre

Kystpartiets førstekandidat, Stein Petter Haugen, er 24 år og brenn for at dei eldre skal ha det bra.

Stein Petter Haugen
Foto: privat

Dei neste fire åra er har Stein Petter Haugen tre kampsaker.

– Det er eigentleg tre ting som står hjarte mitt nærmast. Det er EU-kampen, kampen for betre eldreomsorg og distriktspolitikken. Men om eg må velje ei sak å kjempe for, blir det nok kampen for ein betre eldreomsorg, seier 24-åringen.

EU-motstandar

Stein Petter Haugen valte Kystpartiet fordi partiet tek klar avstand mot EU, EØS og Schengen.

– Vi vil følgje grunnlova og vere sjølvstendig og ikkje føye oss etter byråkratane i EU. Partiets landbruks-, miljø-, distrikts- og eldreomsorgspolitikken har også vore avgjerande for mitt val av parti, seier Haugen.

Kva er viktigast for deg i valet av politiske samarbeidspartnarar?

– Det blir nok dei partia som gir Kystpartiet mest støtte i kampen for betre eldreomsorg, kampen mot EU, kampen mot oljeboring utanfor Lofoten og Vesterålen, kampen for betre vegar utan bompengar og betre distrikts- og landbrukspolitikk.

Kva parti vil du helst samarbeide med på Stortinget?

– Eg vil samarbeide med dei partia som gir mest støtte til Kystpartiet i dei sakene eg har nemnt, seier Haugen.

Ser begge vegar

Parti som ikkje er interessert i å ha fokus på kampsakene til Kystpartiet, ser ikkje Stein Petter Haugen på som gode samarbeidspartnarar.

– Vi er eit sentrumsparti som kan samarbeide med både venstre og høgresida, berre dei gir oss noko tilbake for samarbeidet.

Kystpartiet seier klart nei til at vegutbygginga i Trøndelag skal finaniserast med bompengar.

– Bilistane betaler inn over 60 milliardar kroner i bilrelaterte avgifter kvart år. Vi meiner desse må gå til veg, understrekar 24-åringen.

Dei lokale må bestemme

Korleis stiller du deg når det gjeld rovdyrpolitikk?

– Eg og Kystpartiet meiner dei lokale folkevalte skal bestemme sin rovdyrpolitikk. Men eg meiner interessene til landbruket må komme før omsynet til rovdyr. Det må bli enklare å få fellingsløyve på rovdyr som gjer stor skade i landbruket, seier Haugen.

Kva meiner du om å slå saman kommunar i Trøndelag?

– Kystpartiet er imot ei kommunesamanslåing. Dette kan gjerast som ei folkerøysting der innbyggarane får seie kva dei ønskjer. I Danmark har dei slått saman kommunar, det førte til meir byråkrati. Det er ikkje noko Kystpartiet ønskjer.

Send epost til Stein Petter Haugen
Møt Stein Petter Haugen på Facebook
Besøk Stein Petter Haugens blogg

Video fra Trøndelag

Midtnytt
Jens Kvernmo får fisk i forteltet sitt. Se serien på NRK1 tirsdager klokken 20.25