NRK Meny
Normal

Steik av villsau

Frøya har landets største bestand av villsau og på menyen står afrikansk lammesteik.

Illustrasjonsfoto: Villsau
Foto: Tron Soot-Ryen / NRK

 - I dag skal vi lage mat av eit lammelår, seier Inge Johnsen.

Han er alt i full sving med å ha kanel på lammelåret, etter inspirasjon frå bonde Kjell-Arne Taraldsen, som meiner nord-afrikansk lammelår smakar godt på Frøya.

- Eg hugsar ikkje kvar eg fann denne oppskrifta, om det var i Hjemmet eller Familien, men det var i påsken og vi fann ut at denne oppskrifta ville vi teste, seier Taraldsen. 

Minnar om hjort

Lamma til villsauen ligg på mellom ni kilo og opptil 16 kilo. Dei et alt av lyng, rogn, lauv og i tillegg går dei ute heile året.

- Kjøtet på villsauen minnar meir om hjortekjøt. Hjorten går ute heile året, og det gjer villsauen også, så kjøtet har litt meir viltsmak, seier Taraldsen.

- Dette kjøtet er veldig mørt og godt, legg radiokokken til. 

Radiokokk Inge Johnsen skjærer opp lammesteken av villsau sammen med Kjell-Arne Taraldsen.

Inge Johnsen skjer opp lammesteika saman med Kjell-Arne Taraldsen.

Foto: Tron Soot-Ryen / NRK

Lag krydderblanding

Inge Johnsen skal ha ei krydderblanding på lammelåret. Han startar med å skjere av beinet i lammelåret og held fram med å lage krydderblanding.

- No har eg rive muskatnøtt og kvitløk, hatt i fersk ingefær og spisskumin (enten frø eller heile). I tillegg skal vi ha i hakka, fersk koriander og persille, seier Johnsen.

Tilslutt stikk han små hol i låret med kniven. Der puttar han inn kanelstenger.

- Trykk dei inn på same måte som du trykker inn kvitløksbåtar. Avslutt med å legge krydderblandinga rundt lammelåret og surr saman med ein hyssing, seier Johnsen.

 

Legg i varm panne

Start med å brune beina som blei kappa av lammelåret. Etterpå blir kjøtet bruna og laga kraft på. Ha oppi litt vatn og du slår fleire fluger i ein smekk.

- La alt småputre saman under lokk, på svak varme. Dette skal småkoke til kjøtet blir rosa, seier Johnsen.

Når kjøtet er bruna legg du oppi gulrot, fenikkel og løk. Ha også oppi litt kvitvin, som du koker inn. Avslutt med å ha oppi litt ekstra vatn. Dette skal koke ein halvtimes tid.

La kjøtet kvile

Ta kjøtet ut og la det kvile, men la krafta koke vidare.

- Skjer opp kjøtet og sjå om det er rosa inni. Sil krafta, som har stått og kokt med beina og grønsakene. Den kan nesten serverast som den er, men med litt pepar oppi, seier Johnsen.

Skjer kjøtet opp. No vil kanelen komme til syne i kjøtet.

- Den plukkar vi ut, forklarar bonden.

Server retten med søtpotet, gulrot. Det smakar også godt å koke kjøtet med aprikos og pistasjnøtter i panna.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
Om få uker er en ny film som dokumenterer 100 Rosenborg -år klar
Fjellklatreren Adam Ondras suksess i Hanshelleren har gitt Flatanger omtale langt utenfor Norges grenser.