Hopp til innhold

Jakta framtidas lærarar for å møte krise

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner kom til Trondheim for å jakte lærarar til klasseromma i norske skolar.

Kampanje for å få fleire lærarar i Trondheim

Maj-Janne Winsjansen er nyutdanna og fekk seg straks jobb ved Sørborgen skole i Klæbu. Ho trivst veldig godt i jobben, seier ho.

Foto: NRK

Det er bruk for 12 000 nye lærarar i norsk skole på nokså kort sikt. Ein stor del av lærarane er i dag over 60 år.

Massiv satsing på yrket, hevdar regjeringa

I dag var begge kunnskapsministrane i regjeringa på sjarmoffensiv i Trondheim. På Strinda vidaregåande skole argumenterte både Jan Tore Sanner og Iselin Nybø for fordelane med å satse på denne utdanninga. Sanner er kunnskaps- og integreringsminister, Iselin Nybø forskings- og høgare utdanningsminister.

Kampanje for å få fleire lærarar i Trondheim

Minister for grunnskolen Jan Tore Sanner, var på Strinda vidaregåande skole i Trondheim, for å freiste elevar der til å velje læraryrket som framtidsveg.

Foto: NRK

– Det er bruk for fleire lærarar i år som kjem, seier Sanner. Og det er den gode nyhenda for dei som lurer på om dei skal bli lærarar. Det er jobb til dei.

– Kva skal gjerast for at det ikke skal bli lærarkrise?

Vi har no ei massiv satsing på skolen, seier Sanner. Det skjer mykje spennande i skolen. Vi har på plass 5-årig masterutdanning.

– Vi har ei massiv satsing på vidareutdanning og vi har skapt nye karriere-mulegheiter for lærararane, sier statsråden, på hovudjakt etter framtidige lærarar i den norske teknologihovudstaden.

Kampanje for å få fleire lærarar

Minnet om læraren sitt i hos dei fleste, både den gode og den dårlege læraren skapar minne. Reklamen fortel om eit yrke der den enkelte kan utgjere ein skilnad.

Foto: NRK

Ikkje alle er velkomne på lærarutdanninga

Fleire har ropt om at det blir lærarkrise fordi regjeringa har heva kravet til vidaregåande-karakter i matematikk, slik at den minst måtte vere 4, for å komme inn på lærarstudiet.

Fleire har gått inn for at dette eksakte kravet må fjernast.

Dette kravet gjer at det i dag til dømes står ledige plassar på lærarutdanninga ved Nord Universitet i Levanger, Nesna og Bodø.

Maj-Janne Winsjansen er nyutdanna lærer i Klæbu utanfor Trondheim. Ho seier dette om yrkesvalet sitt:

– Du, vettu æ trives veldig godt i jobben min. Det e en super arbeidsplass med kjempeflotte ungdommer, så det kunne ikke vært bedre, seier ho.

Dette blir lærarkrise, hevdar den lærartillitsvalde

Regjeringa freistar å glatte over ei krise vi veit kjem, seier leiar i Utdanningsforbundet i Trondheim, Geir Røsvoll, i ein kommentar til statsrådane sin sjarmoffensiv.

Han og forbundet hans syns det er feil veg å gå når ein stenger ute søkarar utan ein bestemt karakter i eit enkelt fag. I staden har dei ønskt seg eit snittkarakterkrav. For utdanningsforbundet meiner også at det skal vere krav til dei studentane som blir tekne opp på utdanninga.

Leder i Utdanningsforbundet, Geir Røsvoll

Leiar i Utdanningsforbundet i Trondheim Geir Røsvoll.

Foto: Torstein Brechan

Trondheimslærarane sin tillitsvalde meiner at regjeringa ikkje gjer nok for å betre vilkåra for lærarane, mellom anna seier han – ikke overraskande, at lønna ikkje er god nok.

Han har inga tru på regjeringa si satsing

Vi har ei regjering som har tatt på seg skylappane, sier Geir Røsvoll.