Hopp til innhold

Tom Roger steller kongeørn som blei skoten ulovleg med hagle

STJØRDAL (NRK): Eit forsøk på ulovleg felling av kongeørn er meldt til politiet. Den skadeskotne kongeørna vert no teken hand om av ein erfaren fuglekjennar.

Tom Roger Østerås med kongeørn

KONGEØRN: Tom Roger Østerås i Stjørdal tek vare på den skadde kongeørna som vart skoten ulovleg i Snåsa.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Eg har alltid vore fascinert av fuglar, men eg veit ikkje heilt kvifor. Fantastiske skapningar, seier ornitolog Tom Roger Østerås i Stjørdal.

Han vart utpeika til å ta vare på den skadde kongeørna, som blei funnen av ein gardbrukar på Snåsa tysdag føremiddag.

Det var Trønder-Avisa som omtalte saka først.

– Utvilsamt skoten med hagle

Østerås har lang fartstid i bransjen, og har eige mottak for skadde rovfuglar. Tysdag kveld kom viltnemnda i Snåsa på besøk til stjørdalingen med ei kongeørn i bagasjen.

Dagen etterpå tok han ørna med til veterinær for å kartlegge kva som hadde skjedd. Kongeørna hadde nemleg ingen synlege skadar, men den kunne likevel ikkje fly.

Røntgenundersøkinga avdekka tre hagl i fuglen. Éin i kvar vengje og i låret på høgre sida. Ørna var veldig slapp.

– Den er utvilsamt skoten på med haglgevær, seier Østerås.

Kongeørn i Stjørdal

SKADD ØRN: Veterinærundersøkinga avslørte at kongeørna hadde tre hagl i kroppen.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Statsforvaltaren melder forsøk på ulovleg felling

Statsforvaltaren i Trøndelag vart kontakta av viltnemnda i Snåsa kommune, som kunne fortelje at det var observert ei skadd kongeørn i Sørbygda.

Kongeørna er totalfreda. Statsforvaltaren kan i særskilde høve gje fellingsløyve. Men det er ikkje gitt løyve i dette tilfellet.

– Vi ser på dette som alvorleg faunakriminalitet, opplyser Inge Hafstad, seniorrådgjevar hos Statsforvaltaren i Trøndelag.

Statsforvaltaren i Trøndelag politimelder no forsøk på ulovleg felling av kongeørn.

– Det er på bakgrunn av røntgenundersøkinga som vart gjort hos veterinæren i Stjørdal. Kongeørna er beviseleg skoten med hagle, fastslår Hafstad.

– Ein skal ikkje spøke med kongeørner

Kongeørna er ingen uvanleg gjest for Østerås i Stjørdal, som har hatt nesten 200 rovfuglar innom heimen i løpet av dei siste 20 åra. Dette har han gjort på vegne av Statsforvaltaren i Trøndelag.

– Eg har mykje erfaring med rovfuglar. Eg har vore fugleinteressert heile livet, og jobba på med diverse prosjekt for myndigheitene, seier han.

Kongeørna held no til i kjellaren til Østerås. Forma til fuglen blir stadig betre.

– Det er alltid stas med ei kongeørn. Det er den optimale rovfuglen i Noreg, meiner han.

Men ein skal ikkje spøke med slike rovfuglar.

– Ei kongeørn som er i god kondisjon skal ein ikkje spøke med. Eg måtte legge ei jakke over han tidlegare i dag, fordi han var i angrepsposisjon. Ein skal ha veldig respekt for dei, fastslår han.

Tom Roger Østerås med kongeørn

IKKJE SPØK: – Ei kongeørn som er i god kondisjon skal ein ikkje spøke med, seier Tom Roger Østerås i Stjørdal.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Store mørketal

Østerås er litt usikker på kor lenge han skal passe på ørna, men det blir nokre veker.

– Eg vil vere heilt trygg på at kongeørna er flygedyktig før eg slepper den avgarde.

Hafstad hos Statsforvaltaren i Trøndelag fortel at dei har hatt liknande saker før.

– Det skjer ikkje så ofte. Men det same skjedde i januar 2019. Ei kongeørn vart funnen i Meråker med hagl i seg, fortel han.

Inge Hafstad, seniorrådgiver, Fylkesmannen i Trøndelag

MØRKETAL: – Det er vanskeleg å finne korrekt gjerningsperson i slike saker, seier Inge Hafstad, seniorrådgjevar hos Statsforvaltaren i Trøndelag.

Foto: Mette Moslet Kjesbu

Den gongen vart det ikkje avdekka noko gjerningsperson.

– Vi ser at det er vanskeleg å finne korrekt gjerningsperson i slike saker, sidan det går lang tid frå hendinga til kongeørna blir fanga. Vi har grunn til å tru at det er ganske store mørketal i slike saker, hevdar han.

Hafstad fortel at ørna som er funnen no er ei vaksen hannkongeørn, som mest truleg hekkar i Snåsafjellet.

– Det er veldig bra at ørna kan få pleie og ro, slik at den snart kan sleppast ut i naturen igjen.

Han ber folk som har tips i saka om å kontakte politiet eller Statsforvaltaren i Trøndelag.