Hopp til innhold

StatoilHydro-sjefen valte RBK

Konsernsjefen i StatoilHydro, Helge Lund, valte å bli RBK-supporter under ein cupfinale mot Brann.

Helge Lund
Foto: Henriette Louise Krogness / NRK

Året er 1972. Brann og Rosenborg møtes til cupfinale på Ullevaal stadion.

Mellom dei 17 738 frammøtte tilskodarane sit ein ti år gamal gut og følgjer spent med på dei to laga. Eitt lag kledd i svart og kvitt og eitt lag i raudt.

– Eg blei invitert med på kamp av Helge Morset, som var min store helt då eg var liten, seier dagens konsernsjef i StatoilHydro, Helge Lund, til NRK Trøndelag under sitt besøk på NTNU tirsdag.

Tap for RBK

For den ferske RBK-tilhengaren var sesongen 1971-72 skuffande for RBK. Laget blei nummer fire i serien og ein plass i finalen i cupen varma difor trønderske hjarter.

Men i cupfinalen meldte problema seg. Bana var dekt av snø og banemannskapa måkte på spreng for å få den klar til kampstart. RBK ønska kanskje i ettertid at kampen hadde blitt utsett.

For Brann tok tidleg leiinga 1-0 og greidde å ri av eit enormt press frå Rosenborg.

– Sidan den gongen har eg helde med Rosenborg, for fotball handlar mykje om lojalitet, seier Lund.

Snytt for straffe

Etter kampslutt var trenar Nils Arne Eggen mest opptatt av at dommar Kjell Wahlen hadde snytt Rosenborg for heile fire straffespark.

Dei to klaraste situasjonane då Tore Lindseth og Bjørn Wirkola blei felt.

Rosenborg anno 1972 [4-3-3]
Øivind Brynte-Torp - Erling Meirik, Kåre Rønnes, Bjørn Rime, Øystein Wormdal - Jan Christiansen, Anders Farstad, Tore Lindseth - Harald Sunde (Erling Næss 85), Bjørn Wirkola, Arne Hanssen

Gratulér RBK med gullet